Hopp til innhold
X
Innhald

Ulukker i Lærdal

Ras har kravd mange menneskeliv i Lærdal, men heldigvis gjekk det ikkje liv tapt då desse steinane hamna på vegen mellom Lærdal og Erdal i oktober 2005. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Ras har kravd mange menneskeliv i Lærdal, men heldigvis gjekk det ikkje liv tapt då desse steinane hamna på vegen mellom Lærdal og Erdal i oktober 2005. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

I dette oversynet er berre ulukker med to eller fleire omkomne eller ulukker under særlege omstende tekne med.

Lista viser at svært mange av dødsulukkene bar til ved at folk fall utfor berg og slo seg i hel. Felles for dei fleste av desse ulukkene er at det var husmannsfolk eller folk frå fattige småbruk som kom av dage slik, og at ulukkene hende småkårsfolket når dei måtte klive i flogbratte fjellsider på grassanking og lauving. Her er dei tekne med for å vise kor stort omfang slike ulukker hadde i ”husmannstida”.

I eldre tid var fall utfor skrenter og stup den vanlegaste ulukkestypen i Lærdal. Teikning frå Åbryo ca. 1850.

I eldre tid var fall utfor skrenter og stup den vanlegaste ulukkestypen i Lærdal. Teikning frå Åbryo ca. 1850.

1630

I 1630 drukna soknepresten i Tønjum sokn i Lærdalselvi då han var på veg til kyrkja.

1791

I 1791 omkom soknepresten i Lærdal, Johan Andreas Brandt, av kolosforgifting under ei embetsreise til Årdal.

1792

I 1792 omkom ein gardbrukar frå Nedre Eri då han fall utfor eit berg.

1798

I 1798 fall ei kvinne frå garden Sjøbakken i Erdal utfor eit stup og drap seg.

1810

I 1810 omkom husmannen Mathias Olson Grøtte frå Stødno i ein snøstorm på Filefjell.

1813

I 1813 omkom ein mann frå garden Haugane i Erdal då han vart råka av ein stein. Eldste sonen tok over garden, men drukna like etter. Også ein yngre bror omkom då han datt utfor eit berg med ei lauvbør på ryggen.

1815

I 1815 fall ein husmann frå Mo utfor eit berg og drap seg. 20 år seinare drukna kona, og i 1866 lei den yngste sonen til paret same lagnad som faren då han fall utfor eit berg ved Lærdalsøyri.

1825

I 1825 fall ein husmann under garden Nedre Eggjo utfor eit berg og drap seg.

1830

I 1830 vart ein mann frå Fodnes drepen av eit steinsprang i utmarka.

1831

I 1831 datt ein mann frå Hunderi utfor ein fjellhammar og slo seg i hel. Det same hende med ein mann frå same tunet i 1861.

1833

I 1833 fall ein husmann frå Lærdalsøyri utfor berga og drap seg då han var på veg heim med ei høybør.

1838

I 1838 omkom ein 15 år gamal gut frå ein husmannsplass på Nedre Eri i eit steinras.

I 1838 datt ein mann frå Slettevoll på Ljsøne ned frå ein lauvingsalm, for utfor eit berg og slo seg i hel.

1841

I 1841 vart ei ung jente på garden Hegg drepen av ein stein som losna i fjellet ovanfor garden, gjekk gjennom stovetaket og råka jenta.

1846

I 1846 datt ein 42 år gamal husmann på Øye utfor eit stup og slo seg i hel.

1850

I 1850 vart ein mann drepen av eit jord- og steinskred på garden Bø.

1852

I 1852 fall ein husmann frå Lærdalsøyri utfor eit stup og omkom.

1853

I 1853 omkom ein husmann på plassen Brubakken under garden Horge i Borgund då han fall utfor eit berg i utmarka.

I 1853 fraus ein husmann frå Hello i Borgund i hel på fjellet. Omstenda er ikkje kjende.

1860

I julehelga 1860 omkom ein mann frå garden Kvigno i Aurlandsfjorden medan han var på inspeksjon på den nye telegraflina mellom Oslo-Lærdal-Bergen. Enkja måtte gå frå garden etter hendinga.

I 1860 omkom ein mann frå Nedre Eri då han fall utfor berga med ei høybør

Det store elvebrotet i 1860

I 1860 gjorde ein storflaum stor skade langs Lærdalselvi. M.a. braut elva stygt på Grøtte og tok nye far. På Lærdalsøyri gjekk hovudløpet av Lærdalselvi då framom sentrum ved jektebudene på Løytnantbryggja. No braut flaumen nytt løp for elva lengre nord der elva går i dag. Etter denne skadeflaumen organiserte bøndene seg i elveeigarlag (1864) og starta arbeidet med ei systematisk forbygning av elvebardane (sjå artikkel om «Laksen og Lærdalselvi»).

1861

I 1861 omkom ein mann frå Ljøsne då han vart teken av eit snøskred.

1861 omkom ein mann frå garden Merkjeshaugen ved Erdal i ei drukningsulukke.

1865

I 1865 vart ei kvinne frå Lærdalsøryi knust av eit steinras i utmarka og døydde eit par dagar seinare av skadane.

1866

I 1866 fall ein mann utfor eit berg ved Lærdaløyri og drap seg. – Sjå elles 1815.

1870

I 1870 vart ei kone frå ein husmannsplass under Fjærestad slegen i hel då ho fall utfor eit berg. Ektemaken emigrerte etter ulukka til Amerika, men vart nokre år seinare sparka i hel av ein hest.

Rasulukke tok sju i Borlaug

9. desember 1873 gjorde sterk snøsmelting og flaum store skadar med ras og tap av til saman 21 menneskeliv fleire stader i indre Sogn.

Brannen på Grøto

Ein sommardag i 1873 brann dei fleste husa i klyngetunet på Grøto ned. Dei vaksne i tunet var på veg til stølen med buskapen då elden braut ut, og grannar som kom til, kunne lite gjere.

1876

I 1876 omkom ein mann frå garden Rovahusteigen ved Erdal då han vart teken av eit snøskred medan han henta høy frå utmarka.

I 1876 omkom ein husmann på garden Nedre Eggjo i Borgund då han vart teken av eit snøskred med han henta høy frå utmarka.

1878

I 1878 vart ei husmannskone frå garden Nese og eine sonen hennar på 13 år drepne i eit steinskred.

1888

I 1888 vart ein lasskøyrar, heimehøyrande på ein husmannsplass på Mo, drepen i eit snøskred på Saue.

I 1888 drukna ei budeie frå Bergstølen under gjeting på Juklevasstrondi.

1889

I 1889 vart ein husmann frå Øvre Voll drepen av eit steinskred medan han arbeidde med lauvsanking i Teiggjeli.

1895

I 1895 omkom ei 14 år gamal jente då gardshuset på garden Frammi-Tråi i Borund brann ned til grunnen.

Ørnen-havariet

Ørnen-havariet

I 1898 gjekk dampskipet «Ørnen» i fjellveggen i Lærdalsfjorden og sokk. Båten var då i fraktefart på Sogn og der skipet tevla mot Fylkesbatane. I 1998 vart vraket lokalisert.

1899

I 1899 døydde ein 22 år gamal soldat frå Rikheim etter at han vart sjuk av strabasane med å berge nokre soldatkameratar ut av ei kald og flaumdiger elv.

1909

I 1909 omkom ein mann frå Eri då han vart teken av eit snøskred medan han var på rypejakt i fjellet.

I 1909 omkom ein husmann frå Hatleberg i Borgund i Kallevangsmarki då han under rypejakt vart teken av eit snøskred.

1910

I 1910 omkom ein mann frå Sprakehaug i Borgund i eit snøskred under rypejakt i Kvamsdalen.

Ein gut (f. 1914) frå garden Hagen i Borgund datt utfor og slo seg i hel medan han leitte etter sauer i fjellet. Årstalet er ukjent.

Strendene, der ras gjorde stor sakde i 1920. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Strendene, der ras gjorde stor sakde i 1920. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

1920

I 1920 gjorde eit stort jord- og streinras stor skade på gardstuna på garden Sandnes på Strendene. Husdyr vart drepne, men ingen menneske kom til skade. Også skulehuset som stod på garden, vart mykje skadd, men vart bygt opp att.

Brann på Stødno

I 1921 brann så godt som heile tunet på Hjermann-slekta sin storgard på Stødno ned til grunnen.

Tunet på Stødno slik det såg ut før brannen i 1921. © Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Tunet på Stødno slik det såg ut før brannen i 1921. © Lærdal lokalhistoriske arkiv.

1925

I 1925 vart fjøset på plassen Hjellen i Erdal øydelagt av eit jordras, og mykje av buskapen vart drepen.

1928

I 1928 omkom ein mann frå Lærdalsøyri då han velta med sykkel ved Ljøsne.

1931

I 1931 omkom ein mann frå garden Sletten i Borgund då han datt utfor Svartgjel.

1950

I 1950 vart el.verksjef Nils Vetti drepen av eit steinprang under linjearbeid på Strendene.

1952

I 1952 omok ein mann frå Losøygarden i Borgund i ei bilulukke på Voldo i Borgund. Trafikken på den tida var liten, og bilulukker var sjeldne

1966

I 1966 omkom anleggsmaskinførar Einar Johnsen frå Lærdaløyri då maskinen han køyrde tippa utfor og gjekk i fjorden under arbeid på Revsnes-vegen.

1968

I 1968 vart hovudbygningen til Lindstrøm Hotel på Lærdalsøyri totalskadd av brann.

Ca. 1968

Ca. i 1968 omkom ein ungarsk lege då han vart råka av eit steinprang på Ofta, like ved sjukehuset i Lærdal.

Brannen på Lindstrøm hotel

I 1968 vart hovudbygningen til Lindstrøm Hotell på Lærdalsøyri totalskadd av brann.

1971

I 1971 omkom ein mann frå Fjellheim i Borgund i ei trafikkulukke.

1976

I 1976 omkom 61 år gamle Magnus P. Hauge frå Lærdalsøyri då forskingsskipet ”Helland Hansen” forliste på Mørekysten.

Brannen på Maristuen

I 1976 brann Maristuen Høyfjellshotell ned til grunnen.

Frå rekonstruksjonen av ulukka i mai 1978, då sju busspassasjerar omkom på Ljøsne. Foto: Arne Iversen, VG/NTB Scanpix.

Frå rekonstruksjonen av ulukka i mai 1978, då sju busspassasjerar omkom på Ljøsne. Foto: Arne Iversen, VG/NTB Scanpix.

Bussulukka på Ljøsne i 1978

I mai 1978 omkom sju amerikanske turistar, og sju vart hardt skadde då bygningsplater losna frå lasteplanet på ein Firda Billag-trailer og råka passasjerane i ein passerande turistbuss. Semitraileren var på veg frå Austlandet, og ulukka skjedde i ein skarp sving på Ljøsne.

I svingen i bakgrunnen omkom sju amerikanske turistar i 1978. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I svingen i bakgrunnen omkom sju amerikanske turistar i 1978. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

1980

I mars 1980 miste ein mann frå Leikanger livet då bilen hans vart treft av steinras på Revsnesvegen mellom Vindedal og Revsnes.

På dette biletet teke frå Kaupanger ser vi på andre sida av fjorden Revsnes ferjekai og Revsnesvegen, der ein mann omkom i 1980. Vegen var svært rasfarleg, og mange var glade då denne vegen vart stengd for trafikk i 1995. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På dette biletet teke frå Kaupanger ser vi på andre sida av fjorden Revsnes ferjekai og Revsnesvegen, der ein mann omkom i 1980. Vegen var svært rasfarleg, og mange var glade då denne vegen vart stengd for trafikk i 1995. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

1993

I 1993 gjekk eit stort jordskred frå fjellet ved garden Skårheim i Borgund. Skredet reinska fjellsida og øydela mykje i utmarka, men ingen menneske kom til skade.

2008

I 2008 omkom to personar då ein lastebil frå Sunnfjord og ein utanlandsk trailer frontkolliderte på Ljøsne.

To personar omkom då ein lastebil og ein trailer kolliderte på Ljøsne i 2008. Foto: Arne Veum.

To personar omkom då ein lastebil og ein trailer kolliderte på Ljøsne i 2008. Foto: Arne Veum.

2012

I november 2012 omkom ein ung mann då dumparen han køyrde rasa ned i eit elvefar på veganlegget ved Maristova på E16 over Filefjellet.

Storbrannen i Lærdal i 2014

Natt til 19. januar 2014 brann 23 bygningar på Lærdalsøyri ned til grunnen.

Eit hus brenn ned til grunnen i Øyramarki natt til 19. januar 2014. Foto: Steinar Lote.

Eit hus brenn ned til grunnen i Øyramarki natt til 19. januar 2014. Foto: Steinar Lote.

2014

I januar 2014 omkom ein spansk isklatrar. Han fall 120 meter ned den islagde Kjørligrovi i Råsdalen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.02.2014