Hopp til innhold
X
Innhald

Utvandringa frå Lærdal til Amerika

Dei første lærdølene som utvandra til Amerika var tre familiar i 1844: Henrik Jensen Klingenberg, Erdal, Knut Olson Aarethun og (truleg ) Knut Ingebrigtsen frå Vindedal.

Dei reiste med seglskipet «Juno» og slo seg ned i Midtvesten. Men den store utvandringsbylgja kom ikkje før i 1853. Fram til 1920 hadde 3000 personar vandra ut frå det som no er Lærdal kommune.

I Midtvesten budde lærdøler så tett at dei skipa sitt eige «Lærdalslag» i 1913. Laget talde over 60 medlemer, og samla inn pengar til reising av gamleheim i Lærdal. I Freeborn County i Minnesota ligg bygdelaget «Lerdal». Det var utflytte lærdøler som gav staden namn.

Småbyen Ortonville i Minnesota har også «Lærdals-røter»: - Knut Knutson Aaretun, son av den første lærdøl som utvandra, grunnla byen Ortonville (Aaretun vart omskrive til «Orton» på amerikansk) i 1879.

Hovudgata i Ortonville.

Hovudgata i Ortonville.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.05.2011