Hopp til innhold
X
Innhald

Varafolk som veggpryd

Ut på våren var den «ekte» skulestyreformannen frisk og kalla saman til møte - der det igjen var 8 mot 8. Bokmålsfolket nekta framleis å bøye seg for departementet og insisterte på at deira «val-kupp» til fordel for bokmålsformann skulle godkjennast.

Skuledirektøren var til stades på møtet, og nekta å bøye unna for dette presset. Boksmålsfolket gjekk då frå møtet, men ikkje lengre unna enn at dei kunne fylgje med.

Skuledirektøren tok styringa og kravde innkalla varamenn, og sykkelryttarane fauk opp og ned dalen for å skrape saman nok varamenn til lovleg møte. Etter eit par timar samlast varamennene. Men no kvikna dei som hadde gått frå møtet i protest til att, og kravde å få møte. Dermed måtte dei stakkars varamennene vike plass og stå som veggpryd og sjå på. Distriktslegen vart vald til skulestyreformann ved loddtrekking. Men begge partar lova skuledirektøren at kvar skulekrins skulle få avgjere kva målform dei ville nytte.

Ved folkerøysting i 1911 vart det fleirtal for innføring av nynorsk i krisane Vindedalen, Strendene, Erdal, Hauge og Rikheim, medan Ljøsne fylgde etter med nynorsk frå 1921, Lærdalsøyra frå 1922 og Tønjum i 1924. Husum krins gjekk ikkje over til nynorsk før i 1935, Berge i 1939 og Hegg som den siste med nynorsk i 1947.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.05.2008