Hopp til innhold
X
Innhald

Vatningsveiter og gjødseltranport

Eit avskjer som stengjer for vatnet og leier det inn i ei anna veit. Foto frå tv-reportasje: Ole Fretheim, NRK.

Eit avskjer som stengjer for vatnet og leier det inn i ei anna veit. Foto frå tv-reportasje: Ole Fretheim, NRK.

Indre Sogn er mellom dei mest nedbørsfattige landskap i landet. Frå gamal tid har difor jordbruket vore avhengig av kunstig vatning. Vatningsanlegg og vatningsveiter vart bygde så langt vest som til Vik og Leikanger.

I Lærdal vart det bygt fleire mil med vatningsveiter langs fjellfoten. Som ei takrenne samla dei opp vatnet frå elvar og bekkar. Med eit sinnrikt fordelingssystem vart vatnet fløytt utover åkrane. I småveitene på åkrane vart det nytta såkalla «avskjer» - ein trekanta spade som stengde for vatnet og styrde det til dei furene ein ynskte. Tida for vatning var nøye avtalt mellom bruka, slik at alle fekk sin «rasjon».

Vatningsveit i stein ved fjellfoten. Foto frå tv-reportasje: Ole Fretheim, NRK.

Vatningsveit i stein ved fjellfoten. Foto frå tv-reportasje: Ole Fretheim, NRK.

På Ljøsne var det vatningsveiter i to nivå, tilpassa den høgda som vatnet skulle førast på åkrane. Her er fleire hundre meter vatningsveit restaurert og teken vare på som kulturminne. Også på Hauge er det framleis tydelege merke etter veiter.

Fleire stader i høgfjellet finn ein merke etter veiter som samla vatn til elvar som rann ned til gardane. I Borgund fanst også damanlegg til dette vatningssytemet. Vatningsveiter vart frå 1950-talet avløyste av moderne trykkvatningsanlegg.

Fjellbekken som gjødseltransportør

Fjellbekkane vart elles brukte som ein praktisk måte å frakte den dyrebare husdyrgjødsla frå setra og ned til gardane på: Husdyrmøkka på setervollen vart samla saman og kasta ut i næraste fjellbekk som rann til garden nede i dalen. Her nede vart vatnet med den ferdig blanda «gylla» leia med demningar, veiter og avskjer ut på åker og eng.

I dag får åkrane i Lærdal livgjevande vatn på meir moderne og effektivt vis enn det vatningsveitene kunne tilby. © Sogn og Fjordane fylkeskommune.

I dag får åkrane i Lærdal livgjevande vatn på meir moderne og effektivt vis enn det vatningsveitene kunne tilby. © Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.05.2011