Hopp til innhold
X
Innhald

Veg til Erdal og Vindedal

Vegen frå Habben mot Raudberg i bakgrunnen vart bygd på 1840-talet. Vel 30 år seinare vart vegen bygd vidare til Erdal. Foto: Axel Lindahl. Eigar: Norsk Folkemuséum.

Vegen frå Habben mot Raudberg i bakgrunnen vart bygd på 1840-talet. Vel 30 år seinare vart vegen bygd vidare til Erdal. Foto: Axel Lindahl. Eigar: Norsk Folkemuséum.

Alt i 1838 kom det på tale å byggje veg frå Lærdalsøyri til bygda Erdal på sørsida av Lærdalsfjorden, men prosjektet vart for dyrt. Tidleg på 1840-talet vart det bygt veg på det første stykket vestover frå Lærdalsøyri til Fleskheller som ligg like vestafor den stupbratte hammaren Raudberg. I Fleskheller nådde ein i isfri fjord, og dette var viktig då ein tidleg på 1840-talet fekk dei første postrutene til Lærdal med dampbåt frå Bergen. Vegen frå Fleskheller og vest til Erdal vart bygd i åra frå 1874 til 1876.

Krysset der fjellvegen til Aurland tek av frå Erdal. Vegen frå Erdal til Kvigne er i dag ein del av fjellvegen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Krysset der fjellvegen til Aurland tek av frå Erdal. Vegen frå Erdal til Kvigne er i dag ein del av fjellvegen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1912 vart vegen frå Erdal og opp dalen til gardane på Kvigne bygd som skikkeleg køyreveg for hest og kjerre. På 1930-talet vart vegen i dalen opprusta til bilveg. Arbeidet vart utført som så kalla naudsarbeid for å sysselsetje arbeidslause.

Grenda Vindedal som ligg vestafor Erdal, fekk ikkje vegsamband til omverda før riksvegen ut til det nye ferjeleiet på Revsnes vart opna i 1966.

Vindedal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vindedal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.05.2011