Hopp til innhold
X
Innhald

Vegen i Sæltåsen

For å kome forbi dei stupbratte fjellsidene i Galdane, gjekk den eldgamle «tjodvegen» over Sæltåsen. Her kan ein framleis sjå trappetrinn for hestar i dei brattaste kneikane.

Tilsvarande trappetrinn finn ein i Kamperhamrane på den gamle kløvvegen mellom Oppstryn og Skjåk - sjå Driftevegane austover frå Stryn).

Gamlevegen i Sæltåsen vart avløyst som hovudveg av Kongevegen på nordsida av Lærdalselva i 1793. Men i 1845 var det på nytt vegarbeid i Sæltåsen under leiing av kaptein Henrik Christian Finne. No vart vegen m.a. bygd på murar heilt ut mot det 150 meter høge stupet mot Galdane. Ein av murane er 17 meter høg. Sommaren 1845 var det 300 arbeidarar i sving.

Husrom fann dei m.a. under enorme kampesteinar i ei ur på Steineåsen. Her kan ein framleis sjå restar etter leirbål og enkle murveggar mellom steinblokkene.

Oddkjell Bosheim og Lærdal Turlag har gjort eit stort arbeid for å restaurere og merke den gamle vegen og anleggsleiren. Han har funne at bustadarealet under steinblokkene i ura var på omlag 200 kvadratmeter. Vegen over Sæltåsen vart avløyst av ny veg rundt Sæltåsen langs elva i 1875.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.01.2009