Hopp til innhold
X
Innhald

Vegen i Seltåsen

Frå Kongevegen over Seltåsen. Under vegen skimtar vi husmannsplassen Galdane. Foto: Oddkjell Bosheim.

For å kome forbi dei stupbratte fjellsidene i Galdane, gjekk den eldgamle «tjodvegen» over Seltåsen. Her kan ein framleis sjå trappetrinn for hestar i dei brattaste kneikane.

Tilsvarande trappetrinn finn ein i Kamperhamrane på den gamle kløvvegen mellom Oppstryn og Skjåk - sjå Driftevegane austover frå Stryn).

Gamlevegen i Seltåsen vart avløyst som hovudveg av Kongevegen på nordsida av Lærdalselvi i 1793.

Restar av Kongevegen på nordsida av elva. Foto: Arild Nybø, NRK.

Restar av Kongevegen på nordsida av elva. Foto: Arild Nybø, NRK.

Men i 1845 var det på nytt vegarbeid i Seltåsen under leiing av kaptein Henrik Christian Finne. No vart vegen m.a. bygd på murar heilt ut mot det 150 meter høge stupet mot Galdane. Ein av murane er 17 meter høg. Sommaren 1845 var det 300 arbeidarar i sving.

Husrom fann dei m.a. under enorme kampesteinar i ei ur på Steineåsen. Her kan ein framleis sjå restar etter leirbål og enkle murveggar mellom steinblokkene.

Seltahola i Seltåsen. Her overnatta vegarbeidarane. Foto: Jan Chr. Jerving. © 1991 Oddkjell Bosheim.

Seltahola i Seltåsen. Her overnatta vegarbeidarane. Foto: Jan Chr. Jerving. © 1991 Oddkjell Bosheim.

Oddkjell Bosheim og Lærdal Turlag har gjort eit stort arbeid for å restaurere og merke den gamle vegen og anleggsleiren. Han har funne at bustadarealet under steinblokkene i ura var på omlag 200 kvadratmeter. Vegen over Seltåsen vart avløyst av ny veg rundt Seltåsen langs elva i 1875.

Vegen under Seltåsen rundt 1880. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen, UBB.

Vegen under Seltåsen rundt 1880. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen, UBB.

På denne gamle riksvegen/europavegen rundt Seltåsen ligg den gamle Seltuntunnelen på 110 meter, og Steinetunnelen på 31 meter. – Sjå elles artikkelen Vegutbetringar og heilårsveg om dei nye vegane og tunnelane som er bygde på E16 oppover dalen på 2000-talet.

Restar av vegen som vart bygd under Seltåsen og som var ferdig i 1877. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Restar av vegen som vart bygd under Seltåsen og som var ferdig i 1877. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På dette biletet ser vi den gamle Seltuntunnelen, med vegen frå 1877 på utsida. Den nye E16 går inne i fjellet - i Seltatunnelen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På dette biletet ser vi den gamle Seltuntunnelen, med vegen frå 1877 på utsida. Den nye E16 går inne i fjellet - i Seltatunnelen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gamlevegen over Seltåsen er ein mykje nytta turveg. Foto: Arild Nybø, NRK.

Gamlevegen over Seltåsen er ein mykje nytta turveg. Foto: Arild Nybø, NRK.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 12.05.2011