Hopp til innhold
X
Innhald

Vegen over Hemsedalsfjellet

Dagens Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er den kortaste ferjefrie vegen mellom Oslo og Bergen. Dette biletet er teke ved Hola i oppstiginga frå Borlaug. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dagens Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er den kortaste ferjefrie vegen mellom Oslo og Bergen. Dette biletet er teke ved Hola i oppstiginga frå Borlaug. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det var ikkje berre den eldgamle veglina over Filefjell som vart nytta i samkvemet mellom Austlandet og Vestlandet. Hallingdølene var flittige gjestar vestom fjella både på marknad og i andre handelsærend, og reisande mellom aust og vest såg også at det kunne gå vel så kjapt å reise over Hemsedalsfjellet som over Filefjell og gjennom Valdres når ein skulle mellom Oslo og Bergen. Difor vedtok Stortinget alt i 1839 å byggje skikkeleg køyreveg over Hemsedalsfjellet. I 1840 fekk Ivar Olson Berge løyve til å drive fjellstove på Breistølen ovanfor Borgund. Ei tilsvarande fjellstove vart bygd på Bjøberg på Hemsedalssida.

Handelsbu på fjellet i anleggstida

Under anleggsperioden dreiv også Kristoffer og Sønneva Lemvig Horge innkvartering av anleggsfolk på Eggjestølen. Dei kjøpte ei stor stove i Hemsedal til føremålet. ”Gamlekremmaren” på garden Berge nede i Borgund, Håkon Olsson Kvamme, sette opp ei handelsbu oppe på fjellet der han selde varer til anleggsfolket. Vegen over Hemsedalsfjellet fekk stor betydning for reisande i åra kring 1900, før Bergensbana over høgfjellet vart opna i 1909. - Les elles i eigen artikkel: Jernbanedraumar i Lærdal, m.a. om utbygginga av Bergensbana i Hallingdal.

Svein Hovland var ein oppfinnsam kar som ikkje let litt snø stanse seg. Han gjorde denne bilen om til beltebil og køyrde i rute over Hemsedalsfjellet. Biletet er teke ved Breistølen. Fotoet er utlånt av Kåre Hovland.

Svein Hovland var ein oppfinnsam kar som ikkje let litt snø stanse seg. Han gjorde denne bilen om til beltebil og køyrde i rute over Hemsedalsfjellet. Biletet er teke ved Breistølen. Fotoet er utlånt av Kåre Hovland.

Køyrevegen over Hemsedalsfjellet vart utbetra i 1907, men vinterfjellet vart ikkje brøyta før på 1970-talet. For å skaffe sledane køyreveg, nytta ein difor store flokkar tamrein som trakka hard køyreveg i snøen over fjellet!

Seinare er vegen utbetra til å møte moderne biltrafikk, og i 2014 er riksveg 52 over Hemsedalsfjellet den mest nytta høgfjellsvegen mellom Oslo og Bergen. I ei tilråding frå Statens vegvesen i 2014 vart Hemsedalsfjellet saman med Haukelifjell peika ut til dei to framtidige hovudvegane mellom aust og vest. Hemsedalsfjellet vart også tilrådd som hovudfartsåre mellom Oslo og Ålesund. I desse planane inngår og ei framtidig bru over Sognefjorden som erstatning for ferjesambandet Mannheller-Fodnes.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015