Hopp til innhold
X
Innhald

Vegutbetringar og heilårsveg

Seltun bru rundt 1880. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen, UBB.

Seltun bru rundt 1880. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen, UBB.

Andre utbetringar på hovudvegen gjennom Lærdal sist på 1800-talet var strekninga Tønjum-Ljøsne i 1859, ny kvelvingsbru ved Nedre Kvamme 1863 (erstatta Steine bru som vart teken av flaum i 1860), strekninga Borlaug bru-Maristova 1866.

I 1843 vart den høgtliggande Kongevegen over Filefjell erstatta med køyreveg i dalbotnen (Smedalen) over den 1.013 meter høge fjellovergangen. Dermed hadde vegen gjennom Lærdal i hovudtrekk fått den lina som den har fylgt heilt fram til bygging av ny europaveg starta i år 2000.

Dagens veg over Filefjell sett frå Thomaskyrkja mot vest. Kongevegen gjekk høgare i terrenget, til venstre for åsen i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dagens veg over Filefjell sett frå Thomaskyrkja mot vest. Kongevegen gjekk høgare i terrenget, til venstre for åsen i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Første heilårsvegen

Frå 1933 vart vegen over Filefjell brøyta om vinteren, og vart dermed første heilårsvegen mellom Vestlandet og Austlandet.

Ny europaveg gjennom Lærdal

Dei siste åra er det gjort mykje for å oppgradere E16 gjennom Lærdalsdalen og opp mot Filefjellet.

Seltatunnelen er ein av tre nye tunnelar på E16 i Lærdalsdalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Seltatunnelen er ein av tre nye tunnelar på E16 i Lærdalsdalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.08.2013