Hopp til innhold
X
Innhald

Veiding og stølsdrift i Lærdalsfjella

Dyregrav i Gravdalen. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Dyregrav i Gravdalen. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I høgfjellet kring Lærdal finst det ei mengd merke etter gamle veidemetodar, som bogestelle og dyregraver.
Les meir om desse fangstmetodane under «Den eldste historia i Årdal». Villreinstammen på sørsida av dalen høyrer til Nordfjella villreinområde, som vert forvalta saman med Aurland og kommunar i Hallingdal. Mange gardbrukarar har gode inntekter frå utleige av reinsjakt.

I område med tamreindrift er det forbode å jakte, og her som elles har det vore harde konfliktar mellom tamreinlag og villreinjegrar - sist på 1980-talet, då reinsamen Jon Jonassen måtte leggje ned tamreindrifta kring Filefjell.

Reinsjakt har i mange år vore viktig som matauke for lærdølene. Her er det Morten Johnsen som har sikra seg ei god bør. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Stølar langveges unna

Rypefangst har og gjeve mange gode inntekter. Såleis var Henrik Eråker i Borgund profesjonell jeger som levde av jakt, og sende store kasser med ryper til Oslo. Ein av dei siste bjørnane som vart skotne i Lærdal vart felt av Ivar Olsson Skogen og Ola Olsson Solbakken ca. 1913 i Rikheimsfjella.

Stølar langveges unna

Lærdal med sine stupbratte fjellsider tvinga mange gardbrukarar til å reise langveges for å finne fjellbeite og drive stølsdrift. Mange gardar frå nedre del av dalen måtte drive dyra heilt til Filefjell og Hemsedalsfjellet for å finne fjellbeite. På mange bruk var slåtten på stølen mest like viktig som på heimebøen. Det vert fortalt om gardbrukaren Ola Lo i Borgund at han hadde ansvar for to handikappa døtre. Når han skulle slå på stølen, bar han dei to jentene til fjells og sette dei under steinhellarar medan han sjølv arbeidde med slåtten i utmarka.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 18.05.2011