Hopp til innhold
X
Innhald

Venke Aarethun

Venke Aarethun får provet for at ho er æresborgar av Palestina av visepresident Dr. Hussein al A`raj. Foto: Privat.

Venke Aarethun får provet for at ho er æresborgar av Palestina av visepresident Dr. Hussein al A`raj. Foto: Privat.

Venke Aarethun fødd 1958 i Lærdal, busett i Trondheim. Psykiatrisk sjukepleiar, tilsett ved Trondheim psykiatriske sjukehus. Frå 1994 var ho leiar i Palestinakomitéen i Noreg, som arbeider for å betre palestinarar sine sosiale og politiske kår i Israel og Libanon.

I 2013 vart ho utnemnd til æresborgar av Palestina fordi ho i 30 år har arbeidd for å betre livsvilkåra til palestinarane.

I 2013 vart ho tilsett som rådgjevar for ordføraren i Trondheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.08.2013