Hopp til innhold
X
Innhald

Vindhellavegen

Vindhellavegen rundt 1890. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen UBB.

Vindhellavegen rundt 1890. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen UBB.

Kongevegen over Filefjell vart i åra etter opninga i 1793 stadig utbetra. Den største utbetringa kom frå 1837 til 1846. Då vart vegen oppe på Filefjell ombygd, vegen over Seltåsen vart lagd om og utbetra, og det vart bygt bru ved Steine ovanfor Galdane (bru-kara kan sjåast den dag i dag frå E68).

Vindhellavegen i dag. Foto: Kåre Hovland.

Vindhellavegen i dag. Foto: Kåre Hovland.

Men det største byggverket frå denne tida var likevel den nye vegen over Vindhella frå Borgund til Husum. I Vindhella var den gamle Kongevegen stupbratt med ei stigning på 1:4. Her vart vegen bygd i elegante slynger på store steinmurar i den bratte Vindhella. Arbeidet vart leia av kaptein Henrik Christian Finne frå Voss, og vert rekna som noko av den beste ingeniørkunst i landet frå denne tida. Fleire stader har Vindhellavegen ei stigning på 1:5.

Kring 1980 vart Vindhellavegen etter opptak frå den kjende «vegbergaren» Ingemar Nordstrand restaurert og sett i stand. Informasjonsplater ved starten av vegen fortel historia om Kongevegen og Sverrestigen like ved.

I 1872 vart vegen over Vindhella avløyst av ny veg framom Nesbergi, og i 1875 med det siste stykket langs Lærdalselva frå Husum til Lo bru.

Vindhella ungdomshus ved Husum blir brukt til mellom anna veghistoriske utstillingar. Ungdomshuset er eitt av dei få ungdomshusa i landet som er teke vare på slik det vart bygt – utan ombyggingar og moderniseringar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 19.05.2011