Hopp til innhold
X
Innhald

Wilhelm Jürgensen

Kaptein Wilhelm Jürgensen og kompaniet hans stormar fram mot svenskane i 1808. Utgjeve i 1901 på  © Kristiania Lit. Aktiebolag.

Kaptein Wilhelm Jürgensen og kompaniet hans stormar fram mot svenskane i 1808. Utgjeve i 1901 på © Kristiania Lit. Aktiebolag.

Wilhelm Jürgensen (1762-1842) Fødd i Slesvig, Danmark. Offiser og leiar av byggearbeida på Kongevegen over Filefjell 1792-1793. Han kommanderte 50 verva soldatar som saman med lærdalsbønder bygde vegen frå Filefjell og eit stykke ned dalen.

I 1802 kom løytnant Jürgensen tilbake til Lærdal i eit anna ærend: Lærdalsbøndene hadde frå gamalt av fritak for militærteneste fordi dei hadde mykje pliktarbeid på Kongevegen. Kronprins Fredrik ville ha slutt på denne «særordninga», men Lærdals-bøndene sette seg imot. I spissen for ein militærstyrke på 500 mann kom løytnant Jürgensen til Lærdal og arresterte leiarane for opprøret.

Den fremste opprørsleiaren, Anders Olson Lysne, vart dømd til døden og avretta i Bergen 1803.

Løytnant Jürgensen vart i 1802 utnemnt til kaptein og sjef for det nyskipa Leirdalske lette Infanteri Compagni (sjå Krigshistoria i Lærdal), som i krigen mot svenskane i 1808 gjorde ein stor innsats. Jürgensen vart utnemnd til major og fekk Dannebrogs-ordenen. Jürgensen flytta seinare til Hole på Ringerike, der det er reist stor bautastein over han og Det Lærdalske Kompani ved kyrkja.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2011