Hopp til innhold
X
Innhald

Aarskog-forretninga på Hermansverk

Aarskogbui. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Aarskogbui. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå venstre Mikkel, Sjur og Kristoffer Aarskog utanfor Aarskogbui i 1962. Foto: Børre Aarskog. Eigar: Kåre Aarskog/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå venstre Mikkel, Sjur og Kristoffer Aarskog utanfor Aarskogbui i 1962. Foto: Børre Aarskog. Eigar: Kåre Aarskog/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kristoffer Kristofferson Aarskog (f. 1892) frå Fitjar starta landhandel og bakeri på Hermansverk i 1934. Her overtok han ein landhandel som hadde vorte driven av Mathias Jonsson Dugstad (1856-1920). Seinare kom sonen Kåre Aarskog med i drifta.

I 1970 bygde verksemda nytt forretningsbygg, som vart utvida med tilbygg i 1987.

I 1976 overtok K-senteret ved Kåre Navarsete i Sogndal daglegvarebutikken og dreiv den som filial til 1998. Då kjøpte Køff-kjeden (seinare heitande Asko Vest) ut Navarsete sine butikkar på Hermansverk og i Sogndal. Den tidlegare Aarskog-butikken gjekk inn i Kiwi-kjeda, medan Sogndal-butikken vart Eurospar-butikk. I 2001 fekk Kiwi-butikken på Hermansverk også post i butikk-teneste.

I 1996 overtok Andor Orrestad som eigar og dagleg leiar av bakeriet, som no skifta namn til Aarskog Bakeri og Konditori AS.

I Aarskog-bygget leigde elles O.J. Skjeldestad Bok & Papirhandel frå Sogndal ein del av butikklokala til filial fram til 2003, då Sverre Fjøsne overtok bokhandelen under namnet Leikanger Bokhandel AS. Elles har det store forretningsbygget husa både fylkestrygdekontoret og fylkeslegen, og i dag er det NAV-kontora som held til der.

Dette bygget vart reist i 1970 og utvida i 1987. Foto: Arild Nybø, NRK.

Dette bygget vart reist i 1970 og utvida i 1987. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.08.2011