Hopp til innhold
X
Innhald

Agnar Eggum

Agnar Eggum som 16-åring.

Agnar Eggum som 16-åring.

Agnar Eggum (1921-1994) frå Hermansverk. Hotelleigar.

Siglde som sjømann på ein båt som vart arrestert av Frankrike i 20.06.1940. Mannskapet vart ført til Bona i fransk Nord-Afrika (Algerie) og internert. Her greidde Eggum og nokre andre fangar å rømme 16.06.1941. Rømingsbåten kom i havsnaud, og dei overlevde ved å fange havskilpadder som mat.

Rømlingane hamna i engelsk krigsteneste under Secret Service og dreiv m.a. våpentransport til Algerie. Eggum vart tildelt fleire heidersteikn for krigsinnsatsen.

Han starta i 1955 saman med ektemaken Aslaug Knausen Pensjonat, som seinare har utvikla seg til Sognefjord Hotel på Hermansverk.

Agnar Eggum med kona Aslaug og borna Torill, Aud og Siv. Privat foto.

Agnar Eggum med kona Aslaug og borna Torill, Aud og Siv. Privat foto.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.08.2011