Hopp til innhold
X
Innhald

Aldersheim og sjukeheim

Sjukeheimen på Ohnstadhaugen under bygging i 2004. Foto: Arild Nybø, NRK.

Sjukeheimen på Ohnstadhaugen under bygging i 2004. Foto: Arild Nybø, NRK.

Arbeidet med å få bygt aldersheim i Leikanger vart teke opp på 1950-talet av Leikanger Helselag. Sokneprest Sverre Daae var ein pådrivar, og bygget vart reist i Hatlebakkane på prestegarden i 1962. Bygningen husa også legekontor og helsestasjon, og helselaget stod ansvarleg for drifta dei første tre åra.

På 1970-talet vart aldersheimen utvida med sjukeheim, der fylkeskommunen først var eigar, men som kommunen seinare overtok.

I 2004 vart den nye sjukeheimen på Ohnstadhaugen på Henjum teken i bruk. Den gamle sjukeheimen i Hatlebakkane vart samstundes lagd ned. Sjukeheimen, seinare kalla omsorgssenteret på Ohnstadhaugen har plass til 29 pleietrengande. I 2013 stod eit fullvedig helsesenter klart til bruk i tilknyting til omsorgssenteret på Ohnstadhaugen.

Leikanger kommune har elles til saman 14 aldersbustadar i Lundene, Hatlebakkane og på Leitet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.10.2013