Hopp til innhold
X
Innhald

Alf Torp

Alf Torp (1894-) fødd i Oslo, busett i Leikanger. Ingeniør og vegsjef. Eksamen frå Kristiania Tekn. skole 1915. Han arbeidde som ingeniør i NSB og ved Ørsten Cement- og Betongstøperi før han byrja i vegstellet. Ass. ing. i NSB 1915, avdelingsing. 1920 i Møre og Romsdal, Vegdirektoratet 1928. Overingeniør og vegsjef i Sogn og Fjordane 1936-1956.

Under krigen fekk han saman med avdelingsingeniør Arthur Sørum i oppdrag av tyskarane å leie bygginga av Tyin kraftstasjon i Årdal frå 1941 til 1943. Denne kraftstasjonen skulle skaffe energi til nazistane sine store planar om eit aluminiumsverk i Årdal (sjå A/S Nordag). Torp administrerte arbeidet, medan Sørum var lokal byggeleiar i Årdal. Torp vart likevel arrestert den 24.10.1944, men sett fri etter få dagar i KZ-leiren Espeland den 17.11.1944.

Begge tente formuar på oppdraget for Nordag, og etter krigen vart begge tiltala for økonomisk landssvik. Under rettssaka kom det fram at m.a. den avsette fylkesmannen Hans Seip hadde rådd Torp til å ta oppdraget i Årdal, fordi Seip feste lit til at Torp i ein slik posisjon kunne forseinke og sabotere framdrifta av Nordag-anlegget der. Dei to vart først dømde i heradsretten, men etter anke frikjende i Høgsterett i 1948.

Torp budde i dette huset på Hermansverk då han var vegsjef.<br> © Fylkesarkivet.

Torp budde i dette huset på Hermansverk då han var vegsjef.
© Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 03.08.2011