Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Andersen

Anders Anderssen f. 1930 fødd i Evje, busett på Hermansverk. Sivilingeniør, fylkesingeniør og fylkesmiljøvernsjef. Utdanna ved Universitetet i Oslo, sivilingeniøreksamen frå University of Idaho 1959 og eksamen Master of Urban Planning 1967 frå University of Washington.

Andersen budde 15 år i USA før han vart tilsett som fylkesingeniør i Sogn og Fjordane i 1971. Anderssen var oljekonsulent i Sogn og Fjordane 1972-1982 og fylkesmiljøvernsjef 1982-1995.

Anders Anderssen har ikkje vore utøvande musikar sjølv, men har lagt ned eit stort arbeid som organisasjonsmann innan musikklivet. I USA-tida gjorde han opptaket til Grieg Festival Association i Seattle i 1969, han fekk skipa Symfoniorkesteret i Sogn i 1974 og Sogn og Fjordane Symfoniorkester i 1976. Han har vore medansvarleg for Vestlandske Sommarsymfoni på Nordfjordeid ved skipinga i 1979, Leikanger Folkemusikkverkstad i 1991og Sogn Ungdomsorkester i 1992.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.12.2009