Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Ekeberg

Arne Ekeberg i 1992. Foto: Stein Magne Os, NRK.

Arne Ekeberg i 1992. Foto: Stein Magne Os, NRK.

Arne Ekeberg fødd 1925 i Fusa, busett i Leikanger. Jurist, fylkeskontorsjef og sorenskrivar. Cand. jur, ved UiO 1950. Advokatfullmektig 1951-1952, tilsett i Kommunaldepartementet 1952-1956. Arbeidde i desse åra ein bolk som domarfullmektig i Hardanger og sekretær hos fylkesmannen i Hordaland.

Frå 1956 til 1976 fylkeskontorsjef i Sogn og Fjordane. I denne tida var han konstituert fylkesmann 1971–1973 og 1973–1976, medan Ingvald Ulveseth hadde permisjon som fylkesmann for å vere stortingsrepresentant og statsråd. Sorenskrivar i Sogn 1976–1995.

Ekeberg var ekstra dommar i Gulating Lagmannsrett 1995–1998.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.08.2011