Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Grepstad

Arne Grepstad (1913-1975) frå Førde, oppvaksen på Rjukan og busett i Leikanger. Skattefunksjonær og Venstre–politikar. Grepstad var økonomiutdanna. Arbeidde i fleire år som journalist m.a. i avisa «Firda» før han i 1935 vart tilsett ved fylkesskattesjefen sitt kontor, der han arbeidde til han døydde. Han arbeidde også som bedriftsrevisor.

Medlem av Leikanger kommunestyre frå 1956, og ordførar 1963–1975. Som medlem av fylkestinget sat han m.a. åtte år i fylkesutvalet. I den harde sjukehusstriden i Sogn og Fjordane kring 1970 vart Grepstad rekna som ein sentral strateg i fløyen som kjempa for å halde oppe lokalsjukehusa.

Far til Knut Henning Grepstad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.11.2007