Hopp til innhold
X
Innhald

A/S Sogn Skibsbyggeri & Slip

Det var ikkje mange båtar som vart bygde på slippen på Hermansverk. Denne skuta vart bygd for Karl Nornes i Bergen. Personane på biletet er frå venstre Jonas Eri, Per Ingebriktson Henjesand og Ola N. Henjesand.  Ukjend fotograf. Eigar: Svein Henjesand/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Det var ikkje mange båtar som vart bygde på slippen på Hermansverk. Denne skuta vart bygd for Karl Nornes i Bergen. Personane på biletet er frå venstre Jonas Eri, Per Ingebriktson Henjesand og Ola N. Henjesand. Ukjend fotograf. Eigar: Svein Henjesand/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Etter Fretheim-konkursen i 1897, overtok Elise Ohnstad - kalla Ohnstad-Lisa på folkemunne - ein del av strandeigedomen som Herman Brun hadde kjøpt langs stranda på Hermansverk, men det er uvisst om ho sjølv dreiv handel der.

Aksjeinnbyding til A/S Sogns Skibsbyggeri & Slip.

Aksjeinnbyding til A/S Sogns Skibsbyggeri & Slip.

I 1918 gjorde broren til Per Klingenberg Knutsen, Alf Hess Knutsen (1891-1919), opptaket til å starte eit skipsbyggeri på denne tufta. Han fekk også med seg overrettsakførar Einar Langberg og skipsmeklar Halvdan M. Hansen som hovudinnbydarar då dei skipa aksjelag i 1918. Elles fekk Alf Hess Knutsen fleire kjende sogningar med som interessentar: Broren Per Klingenberg Knutsen, kjøpmennene Albert og Olav Knutsen, fabrikkeigar Halvard Drægni, godseigar Gjert Heiberg på Kaupanger og lensmann Anfin Anfinson Øen i Vik. Aksjekapitalen var på 200.000 kroner - svært mykje pengar på den tid. Det var tydeleg at dei satsa stort, for det var jobbetid i landet og bruk for tonnasje - trudde dei.

Fagfolk frå heile landet

Verksemda henta fagfolk frå fleire kantar av landet som skulle leie arbeidet og lære systrendingane å byggje skip. Det første året hadde verftet 48 personar på lønningslista. På Hermansverk disponerte slippen ei 10 dekar stor tomt og 85 meter strandline. Dei sysla den gongen også med planar om å byggje skip av betong (!), men dette vart ikkje noko av. I staden gjekk det fort unnabakke.

Økonomiske vanskar

Disponent Alf Hess Knutsen døydde berre 28 år gamal, og kort tid etter kom det nye skipsverftet i økonomiske vanskar. A/S Sogn Skibsbyggeri & Slip vart lagt ned i 1921. Sidan denne epoken har sjøtufta der det låg vorte kalla «Slippen» på folkemunne.

Landhandel på tomta

I 1925 kjøpte Nils P. Henjum og Per P. Husabø tomta og starta med landhandel under firmanamn Husabø & Henjum. Eigedomen hadde også eiga dampskipskai. Husabø & Henjum hadde ei tid eige bakeri og dreiv engroshandel med frukt.

I 1962 overtok Systrond Samvirkelag forretninga. Det lokale samyrkelaget gjekk seinare inn i Sogn Samvirkelag, som i 2000 gjekk inn i Coop indre Vestland - sjå: Landhandlar i Årdal.

Les meir om industri-greina i familien Knutsen

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.08.2011