Hopp til innhold
X
Innhald

AT-leiren i Henjadalen

1. Sveit i Arbeidstenesta på Hermansverk sommaren 1943. Dei fleste av ungdommane er frå Høyanger. Dei har fått på seg permuniform og er om bord i ei skøyte på veg frå Hermansverk til Nordeide. Ukjend fotograf. Eigar: Norvald Bøyum/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå 1934 og under 2. verdskrig dreiv dei norske nazistane, Nasjonal Samling, såkalla Arbeidsteneste (AT) for ungdom.
Under krigen vart ungdomen tvangsinnkalla til å utføre ulikt «pioner-arbeid» - m.a. vegbygging, skogplanting og nydyrking. Dei som var innom, minnest framleis den militære linjeeksersisen med ein blankpussa spade i staden for gevær.

Spaden var det farlegaste ”våpenet” dei utkommanderte i Arbeidstenesta vart utstyrde med. Men mange var redde for å bli sende til krigsteneste for tyskarane dersom dei møtte til arbeidsteneste.  Ukjend fotograf.

Forpost til Austfronten

Det spreidde seg rykte om at AT-leiarane skulle vere ein forpost før norske ungdomar vart sende til Austfronten som soldatar. Difor var det svært mange som rømde landet til Shetland og Sverige for å sleppe unna den forhatte arbeidstenesta. I Sogn Fjordane var det fem AT-leiarar: På Hermansverk, Vik (sjå: Vik og 2. verdskrig), Aurland, Eid og Bremanger. Leirane på Hermansverk var dei største.

Honnør med spade

AT skipa til arbeidsleirar på Hermansverk både i 1943 og 1944, begge gonger med kring 90 tvangsutskrivne unge menn frå heile fylket. Styrken vart innkvartert i ungdomshuset «Leikvang» på Hermansverk og i private hus i bygda. Ved «Leikvang» stod det vakt ved inngangen heile døgnet. I staden for gevær, gjorde vakta honnør med den blankpussa spaden! Mannskapa i dei to AT-leirane bygde veg i Henjadalen frå Røysum til Flyastølen. Dei planta også gran i Grindsdalen og rydda etter eit snøskred ved Bakka i Nærøyfjorden. I 1944 reiste AT-gutane ein minnestein over seg sjølve og innsatsen sin i Henjadalen.

Les meir om krigshistoria i Leikanger

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 10.08.2011