Hopp til innhold
X
Innhald

Badstove på Eitorn

For å betre reinsemda mellom folk, starta Eitorn Ungdomslag (skipa i 1894), arbeidet med å få bygt ei badstove i grenda.

Badet vart innreia i eit hus som tidlegare hadde husa eit lite bygdemeieri, og julafta 1910 stod badet ferdig. Kvart bad kosta 10 øre. Også i kjellaren på Holum skule på Grinde var det ei tid eit offentleg bad.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.10.2008