Hopp til innhold
X
Innhald

Baldershagen på Husabø

Dei utgravne gravrøysene ligg på nye kyrkjegarden på Husabø. Foto: Ottar Starheim, NRK

Dei utgravne gravrøysene ligg på nye kyrkjegarden på Husabø. Foto: Ottar Starheim, NRK

På garden Husabø på Leikanger finn vi Baldershagen. Her vart det på 1990-talet avdekka ei mengd gravrøyser og bustadtufter, og gjort fleire rike funn som vitnar om at det har budd mektige folk på tufta heilt frå bronsealderen.

Baldershagen romantisert

I svensken Esaias Tegnérs verdskjende romansyklus «Fridtjofs saga» om kjærleiken mellom Fridtjof den frøkne frå Vangsnes og småkongedottera Ingeborg, er det dikta at Fridtjof budde på Husabø på ein stad som i romanen vert Baldershage. Dette meiner historikaren P. A. Munch er rein dikting, for det finst ikkje skriftlege kjelder som stadfester dette.

Ut frå Tegnérs romansyklus, har området seinare vorte namngjeve som «Baldershage». Sjå: Esaias Tegnér og Fridtjofs Saga.

Bautaen på Baldershagen. Foto: Ottar Starheim, NRK

Bautaen på Baldershagen. Foto: Ottar Starheim, NRK

Men lenge før Tegnér dikta om Fridtjof skriv prosten Iver Erikssøn Leganger (1629-1702) om ei lita elv på staden som heiter «Baldersgrovi», og at det står ein stor bautastein like ved elva:

Baldersteinen - størst i landet

Baldersteinen er namnet på ein nær 7,8 meter høg bautastein på Husabø på Leikanger. Baldersteinen skal vere den høgste bautasteinen i Noreg.

Les meir om: Kongsgard på Husabø

Ved eine gravrøysa er det reist tre steinar som er funne i området. Foto: Ottar Starheim, NRK

Ved eine gravrøysa er det reist tre steinar som er funne i området. Foto: Ottar Starheim, NRK

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.08.2011