Hopp til innhold
X
Innhald

Bærdyrking vert næringsveg

Drægni AS skulle få avgjerande betydning for framveksten av bærdyrking i Sogn.

Drægni AS skulle få avgjerande betydning for framveksten av bærdyrking i Sogn.

På slutten av 1800-talet var det sterk vekst i fruktavlen i indre Sogn. Bøndene hadde lært seg poding og planta ut nye eplesortar, og Fylkesbaatane sine ruter gjorde det mogeleg å selje frukta i Bergen. Mange sogningar leigde seg lagerlokale i by'n, kjøpte inn store parti frukt og dreiv frukthandel i Bergen utover haustane.

Lite bærdyrking

Bærdyrkinga derimot stod det ringare til med. Folk dyrka stort sett berre litt rips og stikkelsbær til eige bruk. Solbær var mindre påakta i hushaldet den gongen. Elles spedde ein på med skogsbær og bringebær som voks vilt.

Blåbær i Nordfjord

Blåbær i Nordfjord

Medan bøndene i indre Nordfjord på denne tida hadde teke til å hauste store mengder blåbær for sal til Bergen, var denne tilleggsnæringa lite kjend i Sogn.

Det var først då Halvard Drægni frå Luster starta saftproduksjon i 1900 at bærdyrkinga vart ei næring i Sogn.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.08.2011