Hopp til innhold
X
Innhald

Båtbygging på Henjasanden

På 1800-talet var det båtbyggeri på Henjasanden. Her vart det bygt ei mengd sognejekter, og på denne tida var det mange strandsitjarar som livnærte seg som båtbyggjarar.

Læremeistrane var hardingar som kom nordover til Sogn og lærte bort båtbyggjarkunsten til sogningane. Dette er grunnen til at Sogne-jektene er svært likt forma og omlag av same storleik som jekter frå Hardanger, medan Nordfjord-jektene t.d. var både meir breibygde og tildels mykje større. Ein av læremeistrane var Torgjer Alsaker, fødd 1810 i Kinsarvik. Han kom til Henjasanden i 1849, men flytta tilbake til Hardanger i 1856. På Henjasanden var det særleg mange båtbyggjarar frå slektene etter Ola Sjurson Dalen (1819-1900) - også kalla «Dal-Ola» - og Ola Andersson Nybø (1800-1885).

Desse og andre reiste rundt til andre bygder og bygde båtar. Ein av dei største båtane som vart bygt på Henjasanden, var ei skute på 60 fot som vart sjøsett i 1912.

- Sjå elles om båtbygging på Njøsasanden i nyare tid under A/S Sogn Skibsbyggeri & Slip.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.08.2011