Hopp til innhold
X
Innhald

Bergensmeieriet og Lerum inn i Drægni

Den tidlegare Drægni-fabrikken på 1990-talet, etter at Lerum hadde overteke. © Lerum AS.

Den tidlegare Drægni-fabrikken på 1990-talet, etter at Lerum hadde overteke. © Lerum AS.

På 1970-talet gjekk norsk konservesindustri inn i vanskelege tider. Difor starta eit arbeid for å samle saft- og syltetøyprodusentane på Vestlandet i eitt selskap.

Bergensmeieriet med den nye direktøren Tor Gjedrem, stod sentralt i dette arbeidet. Prosessen vart påskunda av Distriktenes Utbyggingsfond, som ynskte ein konsentrasjon i norsk konservesindustri - både for fiske- og landbruksprodukt.

Ville ha storkonsern

I denne prosessen høvde direktør Gjedrem sin forretningside som hand i hanske:

- Dersom Bergensmeieriet kan tene pengar på å produsere og distribuere mjølkeprodukt, så kan vi også tene pengar på å produsere og distribuere produkt av både fisk, kjøt, frukt, bær og grønsaker, sa Gjedrem. Han tok sikte på å byggje Bergensmeieriet opp til eit av Noregs største konsern for matproduksjon og - distribusjon.

Tre resultat

I Sogn og Fjordane fekk desse tankane tre konkrete resultat: - Bergensmeieriet sitt meierianlegg i Askvoll vart lagt ned i 1974, og i bygninga starta selskapet fiskematproduksjon og lakserøykeri. Det gjekk dårleg, og Askvoll-fabrikken vart lagt ned i 1979.

I 1978 vart Drægni Fabrikker på Hermansverk slegen saman - med Bergensmeieriet under selskapsnamnet Bergens & Drægni Produkter AS. Det vart også gjort freistnader på å få Lerum med i eit felles konsern som skulle heite Vest Konserv, men Lerum avslo.

- I 1979 bygde Bergens & Drægni Produkter AS ein stor konservesfabrikk på Lærdalsøyri og gjorde avtale med eit stort tal bønder i Sogn og kontraktsdyrking av grønsaker. Men Lærdals-fabrikken gjekk konkurs etter to års drift, og Forbrukarsamyrkjet sitt konservesselskap «Røra» tok over - sjå: Bergen & Drægni Produkter AS.

Lerum overtek på Hermansverk

I 1982 gjekk også Bergens & Drægni Produkter AS konkurs, og Lerum kjøpte anlegget på Hermansverk for 3,2 millionar kroner.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.08.2017