Hopp til innhold
X
Innhald

Bygdedokteren Dal-Elling

Foto frå Systrendingen.

Foto frå Systrendingen.

På Hermansverk budde det tidleg på 1900-talet ein kar som var kjend for å stoppe blod. Elling Sjursen Gjerde (1859-1942) heitte han, og vart til vanleg kalla Dal-Elling. På Hermansverk dreiv han til dagleg som skomakar.

Etter segna hadde Dal-Elling overnaturlege evner, og skal m.a. ha lært kunsten å stoppe blod av ei samekone.

Under spanskesykja kring 1920 hadde han mykje å gjere. Folk kom langveges frå til Dal-Elling for å få hjelp til å stoppe blod, skriv folkeminne-granskaren Kjell Bondevik. Ein av metodane han nytta, var å sleppe ein kald stabbursnøkkel ned med ryggen til folk som blødde. Dette gjorde at pasienten fekk eit lite sjokk som frigjorde adrenalin i kroppen, slik at blodårene i hud og slimhinner trekte seg saman og naseblodet stoppa. Denne «sjokkreaksjonen» er velkjend i skulemedisinen.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018