Hopp til innhold
X
Innhald

Christian Ulrik Kastrup

Christian Ulrich Kastrup (1784-1850) frå Stavanger, busett på Lærdalsøyri. Offiser, jurist og amtmann.

Kastrup var utdanna jurist, arbeidde til 1811 som offiser. Fram til 1814 var han regimentskvartermeister på Vardøhus festning samstundes som han var tollkontrollør i byen. Fut i Nord-Hordland og Voss 1817.

Stortingsrepresentant for Søndre Bergenhus 1821, 1822 og 1824. Amtmann i Finnmark 1828, fut i Stavanger 1829 og Nordre Bergenhus (Sogn og Fjordane) 1833-1844. Budde og styrde embetet frå Bergen fram til 1840, då han som den første amtmann flytta til Lærdalsøyri. Her vart amtmannen buande fram til 1862, då embetet vart flytta til Systrond, Leikanger.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.03.2008