Hopp til innhold
X
Innhald

Den eldste historia i Leikanger

Relieffspenne frå Røysum. Spenna er truleg frå eldre folkevandringstid – 400-475 e.Kr. Foto: S. Skare, Bergen Museum.

Relieffspenne frå Røysum. Spenna er truleg frå eldre folkevandringstid – 400-475 e.Kr. Foto: S. Skare, Bergen Museum.

Fornfunn i Leikanger

Rike fornfunn viser at bygda har vore busett frå steinalderen, og var tidleg ei av dei viktige jordbruksbygdene på Vestlandet. Både på Njøs, Henjum, Røysum, Husabø og Hamre er det gjort funn som viser at det budde hovdingar og storbønder i bygda i folkevandringstida og vikingtida.

Kongsgard på Husabø

Husabø er den sentrale garden på Leikanger, og omfattar områda kring den gamle middelalderkyrkja og Baldershagen.

Offersteinar på Hamre

På garden Hamre fanst det tidlegare to store, flate steinar med nokre groper i. Segna ville ha det til at dei hadde vore brukte i den gamle stavkyrkja på garden - sjå: Mange kyrkjer i mellomalderen. Men mest truleg har dette vore offersteinar - gropesteinar - som var vanlege å nytte til ofring i heidensk tid. I gropene la ein mat og ymse andre offergåver til gudane.

Offergroper på Fossestølen

På stølen til garden Foss er det funne tre felt med mange offergroper. I det største feltet er det talt over 125 slike groper. Ein går ut frå at slike groper vart nytta til ulike ofringar i heidensk tid. Sjå også: Offersteinar i Leikanger.

Henjatunet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Henjatunet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Henjatunet - blant dei største klyngetuna

På garden Henjum låg i gamal tid eit av dei største klyngetuna i Sogn og Fjordane. Ved utskiftinga i 1865 vart det talt over 100 hus i tunet, fordelt på åtte bruk.

Strandsitjarstader i Leikanger

- det var strandsitjarar på Njøsasanden, Henjasanden og Husabøsanden.

Adels-ætta folk på Hamre

Frå slutten av 1500-talet budde det folk frå den norske adelsætta Blystakk på indre Hamre. Den første var Oluff Blystakk som var leigleding på garden 1597-1622. Han åtte elles gardane Loftenes i Sogndal, Tokvam og Otternes i Aurland. Kring Hamre leigde Blystakk etter kvart mykje jord.

Dette er ”Kræmmartunet” på Hamre. Biletet er teke i 1940. Dei gamle stabbura vart rivne på 1960-talet. Foto: Johan Thomassen. Eigar: Aasa Høyum Husabø/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Dette er ”Kræmmartunet” på Hamre. Biletet er teke i 1940. Dei gamle stabbura vart rivne på 1960-talet. Foto: Johan Thomassen. Eigar: Aasa Høyum Husabø/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Nagel-slektning eigde Njøs

Hans Johan Nagel (1834-1912) var såkalla proprietær - dvs. stor jordeigar - på garden Njøs frå 1875. Han kom frå den kjende fute-slekta Nagel i Sunnfjord, som du kan lese meir om under Svanøy-godset og: Storgarden Tysse. På Njøs vart denne garden kalla for Nagelgarden. I 1922 vart den innlemma i Statens forsøksgard for frukt på Njøs.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.08.2011