Hopp til innhold
X
Innhald

Den første skuleordninga i midtre Sogn

Den første skuleordninga i midtre Sogn vart organisert på eit møte på Leikanger i 1741, der m.a. ytre Sogn-futen Annanias Christoffer Harberg og prost Anders Daae møtte saman med lokal prest og lensmann.

Etter denne «skulefundasen» vart det skipa to krinsar på Systrond - ein vestafor og ein austafor Leikanger kyrkje. I sørsidebygdene Fresvik, Borlaug og Feios (sjå: Skular i Vik) vart det skipa tre krinsar. Men det gjekk treigt å kome i gang, for i 1748 - sju år etter skulefundasen - klaga soknepresten over at ingenting har skjedd. Årsaka var truleg at det her som elles vart vanskeleg å krevje inn ekstraskatten som m.a. bøndene måtte yte for å betale lærarløner og husleige.

Det vart ikkje skikkeleg fart på skulestellet før Niels Normann kom til Leikanger som prest i 1816. I dei seks åra han var sokneprest, kjøpte han inn bøker og tavler og fekk utdanna fleire unge menn som seinare vart lærarar. Han oppnemnde også tilsynsmenn for skulen i kvar krins. Desse kunne bøteleggje foreldre som heldt borna borte frå skulen. Prost Niels Normann skaffa Leikanger den første boksamlinga i 1821.

Les meir om skulane i Leikanger

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 06.05.2008