Hopp til innhold
X
Innhald

Drægni AS

Drægni-fabrikken, på folkemunna kalla Saften, til venstre i dette biletet frå 1930-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Kåre Aarskog/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Drægni-fabrikken, på folkemunna kalla Saften, til venstre i dette biletet frå 1930-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Kåre Aarskog/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Halvard Drægni var ein av dei store pionérane i norsk saft- og syltetøyproduksjon. Han bygde ein av dei største konservesfabrikkane i landet for slik produksjon på Hermansverk. Verksemda til Halvard Drægni skulle få avgjerande betydning for framveksten av bærdyrking i Sogn.

Drægni med landhandel i Skjolden

Halvard Drægni overtok butikken etter faren Tomas, og dreiv landhandel ei stund før han byrja konservesverksemda.

Bærdyrking vert næringsveg

Det var først då Hallvard Drægni frå Luster starta saftproduksjon i 1900 at bærdyrkinga vart ei næring i Sogn.

Handel med «Blåbærkongen»

Dette var opptakta til konserveseventyret Drægni.

Drægni på studietur

Drægni fekk statsstipend og drog på studiereiser. I 1919 skipa Drægni aksjeselskap med 600.000 kroner i aksjekapital.

Drægni frå Skjolden til Hermansverk

I 1919 bygde AS Halvard Drægni, Sogns Fruktkonservering ein stor konservesfabrikk på Hermansverk.

«Alle spyr...»

Drægni var sjølv aktiv i fråhaldsrørsla, og ein ihuga målmann som vart kjend for å annonsere produkta sine på nynorsk. 

Drægni var sjølv aktiv i fråhaldsrørsla, og ein ihuga målmann som vart kjend for å annonsere produkta sine på nynorsk.

Produkta vart mønstra på både landsutstillingar og verdsutstillingar, og fekk medaljar for god kvalitet. Det mest kjende er «Alle spyr etter Drægnis safter». Slagordet speler på ordet ‘spyr‘, som på dialekt tyder ‘spør‘. 

Han hadde elles god nase for PR, og marknadsførde verksemda og produkta sine m.a. med at han var leverandør til det kongelege kjøken og til den norske marine og armé.

Safta stod m.a. på bordet under kroningsmiddagen i Trondheim i 1906. På verdsutstillinga i Rio de Janeiro i 1923 fekk Drægni-produkta gullmedalje.

Bergensmeieriet og Lerum inn i Drægni

På 1970-talet gjekk norsk konservesindustri inn i vanskelege tider. Difor starta eit arbeid for å samle saft- og syltetøyprodusentane på Vestlandet i eitt selskap. I 1982 gjekk Bergens & Drægni Produkter AS konkurs, og Lerum kjøpte anlegget på Hermansverk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.09.2018