Hopp til innhold
X
Innhald

Drægni frå Skjolden til Hermansverk

Drægni-fabrikken på 1950-talet. © Johan Ottesens arkiv.

Drægni-fabrikken på 1950-talet. © Johan Ottesens arkiv.

I 1919 bygde AS Halvard Drægni, Sogns Fruktkonservering ein stor konservesfabrikk på Hermansverk. Her vart ikkje transporten hindra av fjordisen slik som i Skjolden inst i Lustrafjorden. Maskinane i fabrikken var drivne med elektrisitet.

Sonen Tomas Drægni jr. var disponent ved fabrikken, medan Halvard sjølv var adm. dir. til han døydde. I tillegg til saft og syltetøy, produserte fabrikken også marmelade, hermetisk frukt og alkoholfri vin.

Tilsette på Drægni fotograferte på slutten av 1920-talet. Frå høgre Nils Henjesand, Olaf B. Solbakken, Gilbert Volden, Per Lunde, Konrad Nilsen og Ola Njøs. Ukjend fotograf. Eigar: Ella Røysum/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Eksportforsøk

Drægni ville på denne tida starte eksport, og gjorde avtale med eit utanlandsk firma på 1.000 tonn syltetøy, men fekk ikkje eksportløyve på grunn av innanlandsk varemangel. I nedgangstidene på 1920-talet gjekk fabrikken i mange år med underskot.

Sende til USA

Frå 1929 starta Drægni stor eksport av syltetøy til Amerika, men dette vart eit kortvarig eventyr, for like etter kom krakket på New York-børsen, og eksporten stoppa opp.

I 1922 fekk safta til Drægni gullmedalje på verdsutstillinga i Rio de Janeiro. Foto: Framfilm A/S. Eigar: Hilde Marie Pedersen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I 1922 fekk safta til Drægni gullmedalje på verdsutstillinga i Rio de Janeiro. Foto: Framfilm A/S. Eigar: Hilde Marie Pedersen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 01.08.2011