Hopp til innhold
X
Innhald

Drægni på studietur

Drægnihuset i Skjolden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Drægnihuset i Skjolden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Drægni fekk statsstipend og drog på studiereiser til England og Mellom-Europa for å setje seg inn i moderne konservesproduksjon.

Det vart ein lønsam butikk - særleg under første verdskrig: I 1918 betalte Halvard Drægni åleine ein fjerdepart av skatten som Luster kommune likna ut! I 1919 skipa Drægni aksjeselskap med 600.000 kroner i aksjekapital - ein enorm pengesum i dei dagar. Drægni hadde sjølv aksjemajoriteten i selskapet Halvard Drægni A/S - Fruktkonserves, og var administerande direktør.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.08.2011