Hopp til innhold
X
Innhald

Einar Langberg

Einar Langberg (1875-1925) frå Stavanger, busett på Hermansverk. Overrettssaksførar og fossekjøpar.

Han spela ei aktiv rolle som mellommann då tidlegare generaldirektør i Kværner, Fredrik Hiorth sikra seg fallrettane til Aurlandsfalla (sjå: Kraftutbygginga i Aurland) i tida 1909-1911.

Den første som fekk handgjeve Låvisfossen i Aurland i 1908, var Henrik E. Mohn, men seinare fekk Langberg opsjon på desse fallrettane. Langberg var også aktiv for å få bygt ut kraftverk til ålmenforsyning i Henjaelva, og var aksjonær i A/S Sogn Skibsbyggeri & Slip.

Etter ein fossehandel på Nese i Arnafjord i 1909 vart det reist sak mot Langberg fordi seljarane meinte at han som mellommann hadde tileigna seg både salssummen og salæret, til saman 90.000 kroner. Langberg døydde før saka kom til doms, og buet vart slege konkurs. Først på 1930-talet fekk etterkomarane etter fosseseljarane oppgjer frå buet: Kring 17.000 kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.08.2011