Hopp til innhold
X
Innhald

Elise Thorsnes

Elise Thorsnes i landslagsdrakta. Foto: Heiko Junge, Scanpix.

Elise Thorsnes i landslagsdrakta. Foto: Heiko Junge, Scanpix.

Elise Thorsnes fødd 1988 i Leikanger. Fotballspelar.

Ho har spela på Kaupanger, Arna-Bjørnar i Bergen og Røa i Oslo. Ho hadde fleire J 19-landskampar før ho i 2006 for første gong vart teken ut til det norske A-landslaget i fotball. Ho debuterte mot Serbia-Montenegro. Same året vart ho kåra til årets mest suksessrike nykomling på kvinnesida av klubbane i Toppserien.

I VM i 2011 skåra ho for Noreg mot Australia, men Noreg tapte kampen og kom ikkje til sluttspelet.

Elise Thorsnes vart kåra til årets spelar i Toppserien i 2011, ho var og toppskårar i Toppserien i 2011. Etter 2012-sesongen melde ho overgang til Stabæk.

I 2013 var ho med på det norske landslaget som tok sølv i EM i Sverige. Ho vart cupmeister og seriemeister med Stabæk og vart igjen toppskårar i Toppserien.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.12.2013