Hopp til innhold
X
Innhald

Erik Iversøn Nordal

Erik Iversøn Nordal.

Erik Iversøn Nordal.

Erik Iversøn Nordal (1591-1658) frå Norddal på Sunnmøre, busett i Leikanger. Prest i Leikanger 1618-1658, og far til den rike og mektige soknepresten Vik, Iver Erikssøn Leganger.

Alle borna til Erik Nordal tok etternamnet Leganger.

Presten vart banka

I 1636 vart Erik Iversen ille medfaren då ein gjeng karar rauk på han og dengde han opp. Ein av desse var Ivar Henjum, men det er ikkje kjent kva straff han og dei andre fekk for å gje presten juling.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.08.2011