Hopp til innhold
X
Innhald

Fabrikkar og verkstader i Leikanger

Medan dei aller fleste arbeidsplassane på Hermansverk i dag er administrative, så var det lenge ein industristad med saftfabrikk, ullvarefabrikk og sardinfabrikk. Dette biletet er frå ei 1. mai-feiring på 1930-talet. Fabrikkarbeidarane har møtt opp med fanene sine. Foto: Håkon Njøs. © Fylkesarkivet.

Omtalane er ordna etter oppstartår.

Hellebrotet på prestegarden

Ved Kleppa, omlag 500 meter nordvest for kyrkja på Leikanger, ligg eit gamalt hellebrot. Mykje tyder på at dette er den eldste «industriverksemda» i midtre Sogn.

Båtbygging på Henjasanden

På 1800-talet var det båtbyggeri på Henjasanden. Her vart det bygt ei mengd sognejekter, og på denne tida var det mange strandsitjarar som livnærte seg som båtbyggjarar.

Bakar Olsen

Jan Gjøvåg Olsen starta som bakar på Hanehaug i 1882 - og vart seinare eigar av Olsens Hotell.

H.M. Knudsens Preserving

På 1890-talet starta Henrik Martin Knudsen ein liten hermetikkfabrikk. I 1922 vart denne utvida av sonen, Per Klingenberg Knutsen.

Hermetikkfabrikken Viking

- sjå H.M. Knudsens Preserving.

Sygna Uldvarefabrikk. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Sygna Uldvarefabrikk. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Sygna Uldvarefabrikk A/L

Fabrikken låg ved Henjaelvi, og var i sine beste år ei av dei største industriverksemdene i kommunen. Verksemda starta med ei tøystampe og eit lite fargeri i 1896.

Meieri og smørlag i Leikanger

Norges Vel tilsette meierimeistrar. På Vestlandet kom den første i 1881, og frå 1893 budde meierimeister Kristian Ihlen på Leikanger. Han organiserte lokale meierilag og planla mange av dei nye meieria.

Tilsette på Drægni, eller Saften som verksemda heitte på folkemunne, samla utanfor fabrikken i samband med 1. mai-feiringa i 1928. Ukjend fotograf.

Tilsette på Drægni, eller Saften som verksemda heitte på folkemunne, samla utanfor fabrikken i samband med 1. mai-feiringa i 1928. Ukjend fotograf.

Konservespionéren Halvard Drægni

Halvard Drægni var ein av dei store pionerane i norsk saft- og syltetøyproduksjon. Han bygde ein av dei største konservesfabrikkane i landet for slik produksjon på Hermansverk.

Halvard Drægni A/S – Fruktkonserves

– sjå artikkelen Konservespionéren Halvard Drægni.

AS Halvard Drægni, Sogns Fruktkonservering

– sjå artikkelen Konservespionéren Halvard Drægni.

Drægni Fabrikker A/S

– sjå artikkelen Konservespionéren Halvard Drægni.

Bergensmeieriet

– sjå artikkelen Konservespionéren Halvard Drægni.

Bergens & Drægni Produkter AS

– sjå artikkelen Konservespionéren Halvard Drægni.

Vest Konserv

– sjå artikkelen Konservespionéren Halvard Drægni.

Lerums Saftfabrikk AS

På Hermansverk – sjå artikkelen Konservespionéren Halvard Drægni.

Det tidlegare fabrikkanlegget til Drægni og Lerum på Hermansverk. Etter at dette biletet vart teke i 2007 er det bygt om til kulturhuset og idrettshallen Saften. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det tidlegare fabrikkanlegget til Drægni og Lerum på Hermansverk. Etter at dette biletet vart teke i 2007 er det bygt om til kulturhuset og idrettshallen Saften. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sognefjordens Sardine Co. A/S

vart bygd i 1908 av Stavanger-firmaet Concord Canning Co. ved eigaren Endre Grønnestad.

A/S Sogns Skibsbyggeri & Slip

- starta i 1919. Verksemda henta fagfolk frå fleire kantar av landet som skulle leie arbeidet og lære systrendingane å byggje skip.

Brusfabrikken Trygve

- sjå Knutsen-familien som kjøpmenn og industrifolk.

Sigurd Høyum tønnefabrikk og trelasthandel

Sigurd Høyum starta kring 1. verdskrig tønnefabrikk på Leikanger. Omlag samstundes dreiv også Anders Molland og Ola Eggum tønnefabrikkar ved Strandavegen på Leikanger.

Anders Molland tønnefabrikk

- sjå Sigurd Høyum tønnefabrikk og trelasthandel.

Ola Eggum tønnefabrikk

- sjå Sigurd Høyum tønnefabrikk og trelasthandel.

Kristian Knutsen - møbelfabrikk

Kristian Knutsen starta i 1923 møbelfabrikk på Hermansverk. Hovudprodukta var dører, vindauge og likkister.

Ingvald Husabø Prenteverk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ingvald Husabø Prenteverk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ingvald Husabø Prenteverk AS

Ingvald Husabø starta i 1930 trykkeri på Leikanger, etter at han i fire år hadde drive trykkeri i Vik. Husabøfamilien eig i år 2002 alle aksjane i prenteverket og 87 prosent av aksjane i Sogn Avis.

Olav J. Husebø Møbelfabrikk

på Leikanger vart starta i mellomkrigstida av Olav J. Husabø. Den heldt til i enden av Strandavegen, produserte dører, vindauge og likkister, og hadde tre-fire mann i arbeid. Verksemda vart lagt ned tidleg på 1960-talet.

Lars Rise

starta sagbruk og kassefabrikk på Leikanger kring 1932. Bygget vart sterkt skada då det nærmast bles på fjorden i ein storm i ei julehelg under krigen, men vart bygt opp att. Rise dreiv saga til kring 1950. Han arbeidde samstundes som kommunekasserar.

Aarskog Bakeri og Konditori AS

i 1934 - sjå Kristoffer Kristofferson Aarskog.

Vangsnes Fiskematfabrikk

på Leikanger vart startatarta i 1938 av Johannes Vangsnes.

Syrstrand Gartneri AS

vart starta på Leikanger i 1946 av Einar Hauge og Håkon Hamre.

Hamre & Hamre

Georg og John Hamre starta i 1947 kassefabrikk og sag på Leikanger under firmanamn Hamre & Hamre. Verksemda låg like ved fruktlageret, og gjekk på folkemunne for «Hamre-saga». Ved sida av fruktkasseproduksjonen, dreiv dei leigeskjæring av tømmer, og hadde fem tilsette i sesongen. Saga var i drift til kring 1980.

Sognefrukt AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sognefrukt AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leikanger Fruktlager

vart bygt i 1960 og er eitt av dei største fruktlagra i Sogn.

Sognefrukt AS

- sjå Leikanger Fruktlager.

Leikanger Auto AS

bilverkstad vart starta på Hanehaug i 1973 av Bjarne Fedje.

Sygna Akvakultur AS

Setjefiskanlegg skipa ved Hermansverk i 1984 med lokale aksjonærar.

Edelsmolt AS

- sjå Sygna Akvakultur AS.

Marine Harvest AS

på Leikanger - sjå Sygna Akvakultur AS.

Sygna Akvakultur. Foto: Knut Henning Grepstad.

Sygna Akvakultur. Foto: Knut Henning Grepstad.

Sogn Tavle- og Datamontering AS

vart starta på Leikanger i 1984 av Norvald Øy frå Jostedal og Nils Olav Langeteig frå Leikanger.

Hermansverk Servicesenter

bensinstasjon og bilverkstad vart skipa som aksjeselskap av Per Hylseng og Bjarne Haugen i 1998.

Sogn Bilskade AS

vart starta på Hanehaug i 2008 av Jan Erik Bøyum. Firmaet held til i det tidlegare samvirkelagsbygget.

Sogn Bilskade AS held til i det tidlegare samvirkelagsbygget på Hanehaug. Dette biletet er teke i 2007, før bilverkstaden tok bygget i bruk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sogn Bilskade AS held til i det tidlegare samvirkelagsbygget på Hanehaug. Dette biletet er teke i 2007, før bilverkstaden tok bygget i bruk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 02.08.2011