Hopp til innhold
X
Innhald

Ferdsla på fjorden i Leikanger

Ferjekaia på Hella. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ferjekaia på Hella. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skysstasjon på Hanehaug/Leikanger

På Hanehaug i Leikanger var det skysstasjon, truleg frå skyssplikta vart innført i 1648. Dei som var skysskaffarar budde der kaia og hotellet på Hanehaug ligg i dag. Her var det også gjestgiveri - sjå: Hanehaug.

Skysskaffarane hadde plikt til å skaffe rorskarar til transport av embetsmenn og geistlege. Skyssplikta var gratisteneste og svært mislikt mellom folk. Dei næraste skysstasjonane på ruta inn Sognefjorden var Flesje vest for Balestrand og Frønningen ved innløpet til Aurlandsfjorden.

Njøsaholten til venstre i biletet. Der vart fedriftene sette i land for å beite på turen innover Sognefjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Njøsaholten til venstre i biletet. Der vart fedriftene sette i land for å beite på turen innover Sognefjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Krøterdrifter på fjordaferd

Fram til 1. verdskrig vart store krøterdrifter, som kom nordafrå over Gaularfjellet eller frå Vadheim, frakta med båt innover Sognefjorden til Flåm, Aurland og Lærdal. Før motoren kom, gjekk denne transporten føre seg med jekter eller store robåtar.

Møtte dei motvind og ferda inn fjorden vart dryg, sette driftekarane beista i land m.a. på Njøsaholten eller i Borlaugskroken (sjå: «Gamle ferdsle- og driftevegar i Vik» og «Båtfrakt av feet») slik at dei fekk beite.

Hermansverk med kaia på prospektkort frå ca. 1908. © Fylkesarkivet.

Hermansverk med kaia på prospektkort frå ca. 1908. © Fylkesarkivet.

Kaiene på Hermansverk og Leikanger

Hermansverk vart stoppestad for Fylkesbaatane frå starten av selskapet i 1858. Heilt fram på 1970-talet var Hermansverk den viktigaste stoppestaden i kommunen. I 1963 vart det vedteke å byggje ny kai på Hermansverk, men kaia vart likevel ikkje bygd. I staden vart det bygt nytt, stort kaianlegg på Hanehaug/Leikanger i 1974, og kaia på Hermansverk lagd ned. Sjå meir om kaitomta på Hanehaug i Jordal Eftf. og Sognefjord Sardine Co. A/S.

Kaia på Hermansverk vart totalskadd ved ein brann i 1979. Også pakkhuset og butikken på kaia rauk med (sjå meir om dette under: H.M. Knudsens Preserving).

Leikanger kai på Hanehaug. Foto: Arild Nybø, NRK.

Leikanger kai på Hanehaug. Foto: Arild Nybø, NRK.

Eitorn

Eitorn

vart stoppestad for Fylkesbaatane frå 1897, men berre på særskild melding. I 1919 fekk bygda fast stopp av rutebåten.

Kaia på Grinde på 1950-talet. MS ”Hornelen” ligg til kai.  Ukjend fotograf.

Kaia på Grinde på 1950-talet. MS ”Hornelen” ligg til kai. Ukjend fotograf.

Grinde

hadde i mellomkrigstida sporadiske anløp av dei såkalla fruktrutene som Fylkesbaatane sette opp om haustane frå Sogn til Bergen. I 1938 opna Gaularfjellsvegen, og det vart sett inn bilferje mellom Grinde og Ulvestad i Vetlefjorden. I 1951 vart vegen frå Vetlefjorden til Balestrand opna, og ferjestrekninga vart då Grinde - Balestrand. Grinde vart kutta ut som ferjestad då det nye ferjeleiet på Hella vart opna i 1956.

Kaia på Grinde på slutten av 1930-talet. Båten vi ser masta og litt av styrehuset på er truleg Vesle-Øyvind. Ukjend fotograf. Eigar: Maria Grinde/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kaia på Grinde på slutten av 1930-talet. Båten vi ser masta og litt av styrehuset på er truleg Vesle-Øyvind. Ukjend fotograf. Eigar: Maria Grinde/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Bilførande båtruter og gjennomgangsferjer

Ei bilførande båtrute Vadheim-Lærdal vart sett i gang i 1934.

Ekspressbåtrute

Leikanger har vore stoppestad for ekspressbåten mellom Sogn og Bergen heilt frå ruta starta i 1971.

Ekspressbåten på veg frå Sogndal til Leikanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ekspressbåten på veg frå Sogndal til Leikanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fruktkaier

Både langs stranda i Systrond og i andre sognebygder kan ein sjå mindre kaier eller merke etter slike. Mange av desse vart bygde like etter 2. verdskrig som såkalla ”fruktkaier”. Fylkesbaatane leigde då M/B ”Torsnes” og andre frakteskuter som om hausten gjekk i ei spesiell ”fruktrute” frå Sogn til Bergen. Desse båtane gjekk opp under dei private kaiene og lasta om bord fruktkassene. Dette sparde dyrkarane for lang og vanskeleg transport til næraste rutebåtkai. Særleg i veglause grender var dette ei stor hjelp. Ved Eitorn vart det bygd to slike fruktkaiar, og på Hermansverk vart dei private kaiene til kjøpmann Aarskog og Nils P. Henjum flittig nytta til innlasting av frukt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.08.2011