Hopp til innhold
X
Innhald

Fornfunn i Leikanger

Frå utgravingane på Henjum. Foto: Søren Diinhoff.

Frå utgravingane på Henjum. Foto: Søren Diinhoff.

Rike fornfunn viser at bygda har vore busett frå steinalderen, og var tidleg ei av dei viktige jordbruksbygdene på Vestlandet. Både på Njøs, Henjum, Røysum, Husabø og Hamre er det gjort funn som viser at det budde hovdingar og storbønder i bygda i folkevandringstida og vikingtida.

Kyrkjetufter på Njøs

- steinfallos og gravrøyser.

Jordbruket tidleg ute i midtre Sogn

På Henjum er det funne ei mengd gravrøyser og teikn på jordbruk.

Samband med Danmark for 1600 år sidan

På Røysum like ved Syril Stadion er det registrert 6 gravrøysar på opptil 12 meters tverrmål.

Bautasteinen på Nybø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bautasteinen på Nybø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Smykker frå Irland

På garden Holen vart det i ei grav frå yngre jernalder funne ei ringspenne som stammar frå Irland. Her er også funne ei steinalderøks i svart stein.

Graver på Fosshagen

På garden Fosshagen låg det fleire gravrøyser, den største med over 20 meters tverrmål. Båtsaum viser at dette har vore ei båtgrav, og her vart det også funne eit sverd og ei krukke.

Bauta og graver på Nybø

På Nybø står ein fem meter høg bautastein. Då steinen vart flytta litt høgre opp i bakken i samband med vegbygging, fann ein ei ravperle. Like ved steinen vart det i 1941 funne fleire graver frå eldre jernalder som m.a. inneheldt delar av eit hestebissel.

Våpen på Halland

På Halland har ein funne to flintdolkar under ei steinhelle omlag 200 meter ovanfor gardstunet, og eit spyd frå eldre jernalder.

Spreidde funn

På Holum vest i bygda er det funne eit spyd frå yngre jernalder, og på Huke ei hellekiste med ei leirkrukke i. På Grindestranda er det funne fleire gravrøyser med hellekister og våpen. Her er også funne ein flintdolk og ei steinklubbe.

Grinde, der det er store gravrøyser. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Grinde, der det er store gravrøyser. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Store gravrøyser på Grinde

Nokre av dei største gravrøysene i Sogn finn vi på Grinde. Den største vert kalla «Ingridsurdi», måler 30 meter i tverrmål og er tre meter høg. «Haugsurdi» er 12 meter i diameter og to-tre meter høg, og den tredje er «Skipshaugurdi» som er 25 meter i diameter og tre meter høg.

Gravhaugar for storfolk på Hamre

Hamre var ein av storgardane på Leikanger i gamal tid. Dei mange gravhaugane og -funna fortel at hovdingane her har vore velståande og hatt kontakt med utlandet.

Ei av gravrøysene i Baldershagen Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ei av gravrøysene i Baldershagen Foto: Ottar Starheim, NRK.

Baldershagen på Husabø

På garden Husabø på Leikanger finn vi Baldershagen. Her vart det på 1990-talet avdekka ei mengd gravrøyser og bustadtufter, og gjort fleire rike funn som vitnar om at det har budd mektige folk på tufta heilt frå bronsealderen.

Baldersteinen - størst i landet

Baldersteinen er namnet på ein nær 7,8 meter høg bautastein på Husabø på Leikanger. Baldersteinen skal vere den høgste bautasteinen i Noreg.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.08.2011