Hopp til innhold
X
Innhald

Forsøksgarden på Njøs

Forsøksgarden på Njøs. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forsøksgarden på Njøs. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1919 løyvde Staten midlar til innkjøp av ein høveleg vestlandsgard der ein kunne drive forsking og utvikling av fruktsortar. Valet fall på ein gard på Njøs ved Hermansverk, etter at Landbruksdepartementet hadde vurdert 19 ulike alternativ frå Ryfylke til Nordfjord. Då Staten overtok var fire dekar av garden tilplanta med ein gamal frukthage. I 1922 vart også grannegarden (Nagelgarden) kjøpt til føremålet. Her var det planta 600 frukttre. Til saman hadde no forsøksgarden 70 dekar innmark. Seinare vart også andre gardar leigde, og statseigedomen "Fylkesmanngarden" på Systrond vart teken i bruk som forsøksareal av forsøksgarden på Njøs.

Forsøksgarden pionér i fruktavlen

Per Stedje (1884-1944) vart tilsett som leiar på forsøkgarden og sat i stillinga til han døydde 1944, då Erling Kvåle overtok til 1966. Forsøksgarden driv forsking og utvikling av nye frukt- og bærsortar, og har gjort viktige framsteg i utvikling av meir intensive dyrkingsmetodar og lagringsmetodar for frukt. I mellomkrigstida vart Njøs sentral i forsøka med kjemiske sprøytemiddel mot skadedyr og soppåtak. På 1940-talet utvikla garden ein metode med gasslagring som gjorde det mogeleg å lagre pæresorten Grev Moltke mykje lengre. Forsøkgarden har også drive forsøksdyrking av fersken, aprikosar og vindruer. På 1980-talet, då Bergensmeieriet investerte stort i kontraktsdyrking og mottaksanlegg for grønsaker i Sogn, satsa forsøksstasjonen på forsking på grønsaker til konserves og konsum, men på 1990-talet vart dette arbeidet flytta til ein annan forsøksgard på Kise.

På Njøs er det avla fram mange nye eplesortar, og gode vekstvilkår gjer at epla får prima kvalitet. Foto: NRK.

På Njøs er det avla fram mange nye eplesortar, og gode vekstvilkår gjer at epla får prima kvalitet. Foto: NRK.

Summer Red og Aroma frå Njøs

Sidan 1966 har forsøksgarden stått sentralt i utviklinga av to av dei mest kjende eplesortane her til lands, Summer Red (innført frå Canada) og Aroma (innført frå Sverige). Garden har elles gjort eit stort arbeid for utvikling av plommesorten Edda, bringebærsortane Veten, Norna og Sygna, og jordbærsorten Glima. Alle desse er foredla og spreidde frå forskingsgarden på Njøs. I samarbeid med forsøksgarden Balgsgård Sverige har Njøs også utvikla pæresortane Fritjof og Ingeborg. Forsøksstasjonen har gjort viktige forsøk med intensive dyrkingsmetodar - d.v.s. vekstfremjande tiltak som tildekking av jord og skjæring av frukttre.

Kamp mot nedlegging

Forsøksgarden har sidan starten vore ein viktig samlingsstad og inspirasjonskjelde for fruktdyrkarane i Sogn og Fjordane. Det har vorte arrangert årlege fagsamlingar med kring 80 deltakarar på markdagane ute i forsøksfelta. Då det tidleg på 1990-talet vart orda frampå om at stasjonen kunne verte lagd ned, skapte dette sterke reaksjonar i fylket. Det enda med ei samordning av hageforskinga på Vestlandet: I 1992 vart forsøksgarden på Njøs og dei sju medarbeidarane der lagt under Ullensvang forskingsstasjon i Hardanger. Njøs fekk etter dette namnet Planteforsk Ullensvang forskingssenter - avdeling Njøs. Omorgansieringa førde til at avdelinga på Njøs ikkje fekk større faste statsløyvingar, men må skaffe seg inntekter ved oppdragsforsking for Landbruksdepartementet og andre.

Forsøksstasjonen har sidan 2007 vore eigd av Njøs Næringsutvikling AS. Foto: Arild Nybø, NRK.

Forsøksstasjonen har sidan 2007 vore eigd av Njøs Næringsutvikling AS. Foto: Arild Nybø, NRK.

Privat drift inn på forskingsstasjonen

I 2006 kom så den endelege avgjerda: Då vedtok styret i Bioforsk å leggje ned forskingsstasjonen på Njøs frå og med sommaren 2007. Men planteforskingsselskapet Graminor AS, der Felleskjøpet Agri og statlege instuisjonar er dominerande eigarar, stod då klar til å drive stasjonen mellombels vidare inntil det nyskipa selskapet Njøs Næringsutvikling AS kunne ta over drifta. Njøs Næringsutvikling AS vart skipa hausten 2007. Bak dette selskapet står Gartnerhallen AS, Graminor AS, fylkeskommunen, Lerum AS, Luster grønt, Sognefrukt, Vangsnes fruktlager, Sognabær, Innvik fruktlager og Gloppen produsentlag. Eit eigedomsselskap der Felleskjøpet Agri og Graminor eig kvar sin halvpart, har overteke sjølve eigdomen på Njøs.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.08.2011