Hopp til innhold
X
Innhald

Forsøksgarden pionér i fruktavlen

Forsøksgarden driv forsking og utvikling av nye frukt- og bærsortar, og har gjort viktige framsteg i utvikling av meir intensive dyrkingsmetodar og lagringsmetodar for frukt.

I mellomkrigstida vart Njøs sentral i forsøka med kjemiske sprøytemidlar mot skadedyr og soppåtak. På 1940-talet utvikla garden ein metode med gasslagring som gjorde det mogeleg å lagre pæresorten Grev Moltke mykje lengre.

På 1980-talet satsa stasjonen sterkt på forsking på grønsaker til konserves og konsum, men på 1990-talet vart dette arbeidet flytta til ein forsøksgard på Kise.

Forsøksgarden har sidan starten vore ein viktig samlingsstad for fruktdyrkarane i fylket. Det har vorte arrangert årlege fagsamlingar med kring 80 deltakarar på markdagane ute i forsøksfelta.

Over 1.000 frukt- og bærsortar

I 1950 hadde garden registrert 600 eplesortar, 150 pæresortar, omlag 150 plommesortar og kring 100 sure og søte kirsebærsortar. Dessutan dreiv ein også forsøksdyrking av fersken, aprikos og vindruer.

Sidan 1966 har forsøksgarden stått sentralt i utviklinga av to av dei mest kjende eplesortane her til lands, Summer Red (innført frå Canada) og Aroma (innført frå Sverige). Garden har elles gjort eit stort arbeid for utvikling av plommesorten Edda, bringebærsortane Veten, Norna og Sygna, og jordbærsorten Glima. Alle desse er foredla og spreidde frå forskingsgarden på Njøs. I samarbeid med forsøksgarden Balgsgård Sverige har Njøs også utvikla pæresortane Fritjof og Ingeborg.

Forskingsstasjonen har gjort viktige forsøk med intensive dyrkingsmetodar - dvs. vekstfremjande tiltak som tildekking av jord og skjæring av frukttre.

Planteforsk Ullensvang forskingssenter - avdeling Njøs

I 1992 vart forsøksgarden på Njøs lagt under Ullensvang forskingsstasjon i Hardanger. Den fekk etter dette namnet Planteforsk Ullensvang forskingssenter - avdeling Njøs.

Omorganiseringa har også ført til at avdelinga ikkje får større faste statsløyvingar, men må skaffe seg inntekter ved oppdragsforsking for Landbruksdepartementet og andre.

I 2006 vedtok styret i Bioforsk at forskingsstasjonen på Njøs skal leggjast ned.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.11.2008