Hopp til innhold
X
Innhald

Fylkesmannsgarden på Nybø

Flyfoto av Fylkesmannsgarden Nybø frå 1950-talet. Det vesle huset oppe ved vegen romma fram til 1939 heile fylkesadministrasjonen i Sogn og Fjordane. Foto frå Johan Ottesens arkiv.

Flyfoto av Fylkesmannsgarden Nybø frå 1950-talet. Det vesle huset oppe ved vegen romma fram til 1939 heile fylkesadministrasjonen i Sogn og Fjordane. Foto frå Johan Ottesens arkiv.

Garden Nybø er skild ut frå Henjum-gardane, og fekk gardsnamnet i 1819. På 1700-talet budde folk frå den styrtrike Leganger-slekta på garden. Det var denne slekta som m.a. fekk kontroll over dei store eigedomane i Fresvik som vart kalla Fresvikgodset.

Nybø som enkjesete

I 1751 flytta enkja etter presten, Mette Dorthea Bugge Leganger (1690-1766), til Nybø. Ho eigde då Fresvik-godset som ho hadde arva etter mannen sin i 1750. Etter henne arva dottera Dorothea Maria Leganger garden Nybø, men ho selde den i 1782 til systera Mette Dorothea, som sat som enkje etter sokneprest Schweder i Hafslo.

Selt på auksjon

I 1795 vart Nybø seld på auksjon til soknepresten i Leikanger, Anders Ludvigson Daae (prest i Leikanger 1758-1816). Nybø-garden var såleis det ein kallar «enkjesete» for presteenkjer i Sogn i over 40 år.

Fylkesmannsgarden på Nybø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fylkesmannsgarden på Nybø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nybø vart sorenskrivargard og fylkesmannsgard

Prost Anders Ludvigson Daae overlet Nybø-eigedomen til av ei døtrene sine, Drude Cathrine Daae (1795-1850). Då ho døydde, kjøpte den nyutnemnde sorenskrivaren i Ytre Sogn, Georg Martin Hiorth, eigedomen, og la seinare til nokre jordteigar elles i bygda.

Men han vart ikkje eigar i meir enn tre år, for i 1863 selde Hiorth Nybø-garden til Opplysningsvesenets Fond. Eigedomshandlane på Systrond hadde tydelegvis kome dåverande amtmann Johan Collett Falsen for øyra. Han vart utnemnd i 1861 og budde på Lærdalsøyri, men ynskte seg til Systrond, der Nybø-garden var ledig.

I 1863 vart difor garden Nybø lagt ut som embetsgard både for sorenskrivaren i Ytre Sogn og som embetsgard for amtmannen i Nordre Bergenhus Amt - det som frå 1919 vart namneendra til Sogn og Fjordane fylke.

Nybygg i sveitsarstil

På Nybø vart det på 1860-talet bygt embetsbustad for fylkesmannen. Dette huset vart mykje utvida og modernisert i sveitsarstil då Olav J. Olsen var fylkesmann på 1890-talet. Heilt fram til kommunen bygde utleigebygget «Tinghus I» like vestanfor i 1939, heldt fylkesmannens kontor til i eit lite anneks på fylkesmannsgarden. Der var det plass til fylkesmannen sitt eige kontor og eit sidekontor som romma inntil fire medarbeidarar. I forgangen var det plass til «fylkesarkivet».

I 1972 vart det bygt ny embetsbustad for fylkesmannen ved stranda austafor den gamle garden. Den første som tok dette i bruk var fylkesmann Ingvald Ulveseth. Den fråflytta fylkesmannsbustaden på Nybø-garden er seinare nytta som barnehage.

På dette biletet ser vi sorenskrivarbustaden bygd i 1866 til høgre og Tinghus I bygt i 1939 til venstre. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På dette biletet ser vi sorenskrivarbustaden bygd i 1866 til høgre og Tinghus I bygt i 1939 til venstre. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sorenskrivargarden

I 1865 gjorde sorenskrivar Georg Martin Hiorth ein ny handel med Opplysningsvesenets Fond. Denne gongen var det ny embetsgard for sorenskrivaren det var snakk om. Mesteparten av denne sorenskrivareigedomen hadde tidlegare høyrt til garden Halland. Her vart det bygt ein staseleg embetsbustad for "skrivaren" ved at ein bygde til to sidefløyer på eit eldre hus som stod i tunet, truleg bygd i 1820. Skrivargarden står framleis slik han vart bygd i 1866. Då sorenskrivaren flytta til Sogndal, vart embetsbustaden omgjort til kontor for offentlege etatar.

Fylkestingsklubba frå fylkesmannshagen

I 1957 gav fire kvinner; Othilia Schei, Hildur Blaauw, Signe Røsberg og Karen Lem, ei ordstyrarklubbe til Sogn og Fjordane fylkesting. Klubba var laga av accasiatre frå fylkesmannshagen på Systrond og utforma med sølvbeslag og graveringar hjå Brødrene Lohne i Bergen. Gjevarane var ektemakane til fylkesmann Nikolai Schei, fylkeslege Harald J. Blaauw, fylkesbåtdirektør Otto Røsberg og fabrikkeigar Audun Lem i Måløy.

Nils R. Sandal var fylkesordførar i 12 år. Foto: NRK.

Nils R. Sandal var fylkesordførar i 12 år. Foto: NRK.

Les også om sorenskrivargarden på Halland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.08.2011