Hopp til innhold
X
Innhald

Gjestgiveri og handel på Hanehaug

Hanehaug i 1905. Vi ser kaia og ein  fylkesbåt på veg vidare innover fjorden. Gjestgiveriet som seinare vart Olsens Hotell og som no heiter Leikanger Fjord Hotel ligg til høgre for kaia. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hanehaug i 1905. Vi ser kaia og ein fylkesbåt på veg vidare innover fjorden. Gjestgiveriet som seinare vart Olsens Hotell og som no heiter Leikanger Fjord Hotel ligg til høgre for kaia. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hanehaug er neset der kaia på Leikanger ligg i i dag. Her var det skysstasjon og truleg også gjestgiveri frå midten av 1600-talet.

Den første kjende gjestgjevaren var Jon Tomasson Fosse (1718-1769). Då han døydde vart enkja Kari oppattgift med Gjert Nilsson Falk. Etter nokre år gav dei seg med gjestgiveriet på Hanehaug og flytta til Balestrand. Så overtok bror til Jon Fosse, Tomas Fosse (1731-1785). Etter han var det truleg Eirik Oddmundson Njøs (1755-1821) som var gjestgjevar på Hanehaug, og deretter Sylfest Mikkelson Barsnes (1802-1844). Barsnes kom frå Sogndal.

Herman Brun starta handel på Hanehaug

Etter Sylfest Barsnes kom den kjende handelsmannen frå "Hermansverk", Herman Brun, og tok over både handel og gjestgiveri på Hanehaug. Om dette var frå 1833, då han slo seg til på Hermansverk, eller noko seinare, er ukjent. (Det kan nemleg ha vore frå då Sylfest Barsnes døydde i 1844). Med unntak av tida frå 1851 til 1860 då eldste sonen Hans Johannes Brun overtok, dreiv Herman Brun sjølv forretningane sine på Hermansverk og Hanehaug til han døydde i 1865. Deretter tok enkja Engel Brun over både på Hanehaug og Hermansverk og dreiv saman med den ugifte dottera Marie til Engel sjølv døydde i 1881.

Husa til Brun på Hermansverk slik dei var før brannen i 1876.

Husa til Brun på Hermansverk slik dei var før brannen i 1876.

Hermansverk totalskadd av brann

I 1876 vart Brun-anlegget på Hermansverk totalskadd av brann. Elden hadde starta i eit bakeri midt på natta. Både krambua, bakeriet, våningshuset, drengestova, stabburet og sjøbua brann ned til grunnen. Engel Brun fekk skattefritak slik at ho kunne makte ågjenreise handelsstaden.

Lokalt handelslag tok over etter Brun

Då mora Engel var borte, tok ein yngre son i syskenflokken, Johan Herman Brun, over alle eigedomane på Hermansverk og Hanehaug. Medan svigersonen til broren Hans Johannes Brun, Peter Johan Fretheim, fekk overta eigedomane på Hermansverk i 1884, dreiv Johan Herman Brun sjølv på Hanehaug til han gjekk konkurs i 1893. Frå 1893 var det Leikanger Handelsforening som dreiv handelen på Hanehaug i nokre år.

På dette biletet ser vi den eldste delen av Leikanger Fjord Hotel til venstre. Huset midt på biletet er tidlegare Johs. Husabø landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På dette biletet ser vi den eldste delen av Leikanger Fjord Hotel til venstre. Huset midt på biletet er tidlegare Johs. Husabø landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gjestgiveriet vart hotell

Fram til han gjekk konkurs i 1893, var det Herman og Engel Brun sin neste eldste son - Johan Herman Brun- som eigde gjestgiveriet på Hanehaug. Men same året som enkefru Engel Brun døydde i 1881, søkte Jan Gjøvåg Olsen om gjestgjevar- og skjenkeløyve, men kommunestyret gjekk imot. Sognefuten blanda seg inn i saka og gav Olsen løyve i 1883. Det var såleis Jan Gjøvåg Olsen som frå tidleg på 1880-talet anten eigde sjølv eller leigde gjestgiveriet på Hanehaug frå Brun-familien. Jan Gjøvåg Olsen var gift med ei svigerinne av Willa Falch, som dreiv pensjonatskule i Dale i Sunnfjord. Olsen dreiv som bakar på Hanehaug frå 1882. Han var mannen som nokre år seinare, i 1902, gjorde det gamle gjestgiveriet om til Olsens Hotell. Olsens Hotell vart i 1920 overteke av Gustav Lie, og Lie-familien har sidan bygd ut hotellet til det som i dag heiter Leikanger Fjord Hotell.

Leikanger Handelsforening

Etter at Brun-tida var omme på Hanehaug i 1893, tok eit bygdeeigd aksjelag, Leikanger Handelsforening, over eigedomane og dreiv forretninga der i nokre år fram til Knut Jordal kjøpte alle eigedomane og starta handel kring 1900. Leikanger Handelsforening bygde i den tida dei dreiv eit stort hus som framleis ligg ved kaia, og som i nyare tid er kjent som huset til familien Høyum. Det var nemleg Andreas Høyum, bror til Sigurd Høyum som kjøpte dette huset frå handelsforeninga. Leikanger Handelsforening skaffa i den tida det eksisterte også tomt til Leikanger Meieri, som vart bygt like ved kaia på Hanehaug i 1892 og var i drift i 15 år.

Forretningsbygget som Knut Jordal sette opp på Hanehaug, i daglegtale kalla Jordalsbui. Biletet er teke på 1920-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Hilde Marie Pedersen/Fylkesarkivet.

Forretningsbygget som Knut Jordal sette opp på Hanehaug, i daglegtale kalla Jordalsbui. Biletet er teke på 1920-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Hilde Marie Pedersen/Fylkesarkivet.

Knut Jordal - kjøpmann og hermetikkdisponent

Knut Jordal skulle spele ei viktig rolle i utviklinga på Hanehaug i åra som fylgde: I tillegg til å drive vanleg landhandel var han også dampskipsekspeditør. Jordal bygde eit stort, langstrekt forretningsbygg ned mot kaien. Her leigde han også ut lagerlokale til Sigurd Høyum som dreiv trelasthandel. I 1907 sytte Knut Jordal for at det nyskipa selskapet Sognefjordens Sardine Co. A/S fekk kjøpe det nedlagde meieriet for å starte hermetikkfabrikk der. Sjølv vart Jordal ein av dei lokale aksjeeigarane og disponent for fabrikken. Knut Jordal skaffa seg også ein motordriven båt - "Fram" - som han m.a. leigde ut som skyssbåt til prest og distriktslege.

Jordal Eftf.

Forretninga til Knut Jordal vart seinare overteken av svigersonen Edvard Eri og driven som Jordal Eftf. Her var Olav Rise styrar under 2. verdskrig. Olav Rise vart arrestert og torturert i hel av Gestapo då det kom fram at han hadde lagra våpen for Milorg i forretningsbygget. Også broren Mattis Rise arbeidde på butikken. I 1952 vart Systrond Samvirkelag skipa. Dette overtok Jordal-butikken, med unntak av kaia og byggevarehandelen som vart driven vidare av firma Jordal Eftf. med Mattis Rise som styrar fram til samvirkelaget i 1962 kjøpte denne avdelinga også. Systrond Samyrkelag gjekk inn i Sogn Samvirkelag i 1966. I samband med at samvirkelaget tidleg på 1970-talet skulle utvide og byggje nytt på Hanehaug, vart det gjort eit makebyte med Leikanger kommune, som no eigde nabotomta der Sognefjordens Sardine Co. A/S hadde halde til. Makebytet gjorde at samvirkelaget fekk overta fabrikktomta, medan kommunen overtok Jordal-eigedomane med kaien. Slik vart kommunen eigar av kaia som vart bygd mykje ut i 1974 (sjå samferdsle).

Slik ser det ut på Hanehaug i dag. Til høgre ser vi litt av den nyaste delen av Leikanger Fjord Hotel, i huset til venstre for den har det vore bilverkstad og bensinstasjon, og i det kvite huset midt på biletet var landhandelen til Johs. Husabø. Det gule huset  er eit privathus, men det var ei tid mjølkeutsal i kjellaren. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Slik ser det ut på Hanehaug i dag. Til høgre ser vi litt av den nyaste delen av Leikanger Fjord Hotel, i huset til venstre for den har det vore bilverkstad og bensinstasjon, og i det kvite huset midt på biletet var landhandelen til Johs. Husabø. Det gule huset er eit privathus, men det var ei tid mjølkeutsal i kjellaren. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.04.2014