Hopp til innhold
X
Innhald

Gjestgiveriet på Hanehaug vert hotell

Fram til han gjekk konkurs i 1893, var det Engel og Herman Brun sin nest eldste son - Johan Herman Brun - som eigde gjestgiveriet på Hanehaug.

Men same året som enkefru Engel Brun døydde i 1881, søkte Jan Gjøvåg Olsen om gjestgjevar - og skjenkeløyve, men kommunestyret gjekk imot. Sogne-futen blanda seg inn i saka, og gav Olsen løyve i 1883. Det var såleis Jan Gjøvåg Olsen som frå tidleg på 1880-talet antan eigde sjølv eller leigde gjestgiveriet på Hanehaug frå Brun-familien. (Jan Gjøvåg Olsen var gift med ei syster av Willa Falch, som dreiv pensjonatskule i Dale.

Olsen dreiv som bakar på Hanehaug frå 1882, og var mannen som nokre år seinare - i 1902 - gjorde det gamle gjestgiveriet om til Olsens Hotell. Dette vart i 1920 overteke av Gustav Lie, og Lie-familien har sidan bygt ut hotellet til det som i 2003 heiter Leikanger Fjord Hotell.

Les meir om Hanehaug.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.06.2008