Hopp til innhold
X
Innhald

Gravhaugar for storfolk på Hamre

Hamre var heimen til velståande hovdingar. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hamre var heimen til velståande hovdingar. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hamre var ein av storgardane på Leikanger i gamal tid. Dei mange gravhaugane og gravfunna fortel at hovdingane her har vore velståande og hatt kontakt med utlandet.

Ein stor gravhaug frå eldre jarnalder vart graven ut i 1909. Haugen målte 20 meter i tverrmål, og inni vart det funne ei branngrav - dvs. at den døde vart brend.

I 1938 var det funne endå ei branngrav i haugen. Her hadde den døde m.a. fått med seg ein kjele og eit seinromersk drikkekrus i glas. I haugen vart det også funne ein romersk gullmynt frå seint 300-tal. På indre Hamre står ein bautastein, og andre stader på garden er det funne sverd.

Klebersteinsgryter frå Hamre

Ovanfor gardstuna ligg eit gamalt klebersteinsbrot der ein har teke ut stein til gryteproduksjon. I fjellet viser enno rundingane der gryteemna vart hogne ut. Staden heiter Gjøttehedleren.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.08.2011