Hopp til innhold
X
Innhald

Gunnar Olsmo AS

Kontorbygningen som Gunnar Olsmo sette opp på Hermansverk. Det meste av arealet er utleigd til If Sæle Assuranse AS og til bibliotek. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kontorbygningen som Gunnar Olsmo sette opp på Hermansverk. Det meste av arealet er utleigd til If Sæle Assuranse AS og til bibliotek. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gunnar Olsmo AS rekneskapskontor vart starta i 1972 på Hermansverk av siviløkonom Gunnar Olsmo frå Bergen. Kontoret vart bygt ut til Bokføringssentralen for Sogn med 10 tilsette. Den gjekk inn i eit samarbeid med bokføringssentralar over heile Vestlandet.

Tidleg på 1980-talet vart sentralane selde til Bergen Bank, men kjøpt tilbake av dei opphavelege eigarane i 1988, som då skipa holding-selskapet Økonomipartner AS, der Olsmo eigde Sogneavdelinga. I 1990 selde han denne avdelinga til holdingselskapet, der han hadde ein betydeleg aksjepost.

Økonomipartner hadde avdelingar i Årdal, Hermansverk og Høyanger. Olsmo var dagleg leiar til 1997, då han trekte seg ut av selskapet og starta sitt eige Gunnar Olsmo AS.

Olsmo stod sentralt i arbeidet med bygging av Sogningen Storsenter i Sogndal, og var dagleg leiar frå 1997 til 2002.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.08.2011