Hopp til innhold
X
Innhald

Halvdan Svarte

Halvdan Svarte. Illustrajson frå Flateyarbok.

Halvdan Svarte. Illustrajson frå Flateyarbok.

Halvdan Svarte (800-talet) småkonge i Oppland, Buskerud og Vestfold, og seinare i Sogn.

Tilhøyrde den norske greina av Ynglingeætta som også hadde kongemakt i Sverige. Gifta seg etter segna med Ragnhild, dotter til kongen i Sygnafylket, Harald Gullskjegg. Dei fekk sonen Harald som vart fostra opp hjå bestefaren sin i Sogn. Harald Gullskjegg og dottera Ragnhild døydde med kort mellomrom, og året etter døydde Harald, berre 10 år gamal.

Halvdan Svarte sende då ein hær vestover og gjorde krav på å få overta kongemakta i Sygnafylket. Halvdan sette jarlen Atle den mjove til å styre Sogn for seg. Atle jarl budde på storgarden Osen ved Dalsfjorden, og mellom jarlen og Harald Gullskjegg i Sogn var det slektsband.

Truleg nytta Halvdan Svarte garden Husabø på Leikanger som bustad og veitslegard når han hadde ærend i Sogn med mennene sine. Det er truleg at Halvdan Svarte reiste over fjellet til Aurland når han gjorde ferder til Sogn, og derifrå vidare til Husbø.

Halvdan Svarte gifta seg seinare opp att med ei ”ny” Ragnhild som var dotter til kong Sigurd Hjort på Ringerike. (Det var denne dronning Ragnhild som hadde den kjende draumen om treet som voks ut over heile det norske riket). Halvdan og Ragnhild II fekk sonen Harald som seinare fekk tilnamnet Harald Hårfagre (ca. 865-ca.932) og som vart kjend som kongen som samla Noreg til eitt kongerike.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.08.2011