Hopp til innhold
X
Innhald

Handel med «Blåbærkongen»

Halvard Drægni tok i 1890 over landhandelen i Skjolden etter faren Thomas Drægni. Året 1900 var han og kona Ingeborg i Bergen for å handle varer.

Hos grossist Riisøen kom dei over eit parti på 10 tønner blåbær som handelsmannen i Bergen hadde kjøpt frå «Blåbærkongen» Rasmus K. Grodås frå Hornindal. Men Riisøen fekk ikkje selt blåbæra og baud dei no fram for ein rimeleg pris til Drægni. Halvard og Ingeborg Drægni slo til og kjøpte heile partiet, tok blåbærtønnene heim til Skjolden og starta saftkoking i stor stil heime på kjøkkenet. Ingeborg fekk to nabokvinner til å hjelpe seg.

Drægni prøvde seg m.a. med alkoholfri vin.

Drægni prøvde seg m.a. med alkoholfri vin.

Selde til arbeidsleirar

Det meste av safta vart selt til anleggsleirane på Bergensbanen ved Finse. Resten vart omsett gjennom ein slektning i Drammen. Dette var opptakten til konserveseventyret Drægni. Då ryktet tok til å gå om saftkokinga i Skjolden, vart Drægni kontakta av fleire sognebønder som ville selje bær og frukt, og slik balla det på seg. I 1905 starta Drægni også produksjon av syltetøy.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.08.2011