Hopp til innhold
X
Innhald

Handel og gjestgiveri på Henjasanden

Henjasanden sett frå Systrond. Den store bygningen er Aarskogbygget. Der låg tidlegare den gamle strandsitjarstaden. Husklynga til venstre er Ohnstadhaugen.  Foto: Ottar Starheim, NRK.

Henjasanden sett frå Systrond. Den store bygningen er Aarskogbygget. Der låg tidlegare den gamle strandsitjarstaden. Husklynga til venstre er Ohnstadhaugen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kring 1700 vert det nemnt at Kristian Torkildsen Been og kona Gjøa dreiv ein slags handel på Henjasanden, og nokre år seinare dreiv også Anders Ivarson Bjøstad og kona Sittona handel der.

Sittona hadde vore gift i tur og orden med fire menn som dreiv handel i Lundsvika på Tjugum i Balestrand før ho kom til Henjasanden - sjå: Handel og gjestgjevarar på Tjugum og Holmen.

På Henjasanden var det også gjestgiveri. Midt på 1700-talet (uvisst kor lenge) dreiv Nicolai Christian Gierløw både gjestgiveri og handel på Henjasanden. Han var gift med ei enkje etter kremmaren i Feios, og dreiv også ei tid som kremmar og gjestgjevar i Holmen i Balestrand - sjå: Handel og gjestgjevarar på Tjugum og Holmen. I 1772 vart Gierløw lensmann, og selde i 1774 gjestgiveri og handel til Oddmund Njøs.

På 1760-talet dukka det også opp ein Johan Henrik Schumacher som dreiv handel på Henjasanden fram til han flytta til Stavanger i 1769. Schumacher var utdanna vevar i Neu-Brandenburg i Tyskland.

I 1801 budde det 178 personar på Henjasanden. På Sogn folkemuseum er det teke vare på ei stove, løe og naust frå strandsitjarstaden på Henjasanden.

Husa frå strandsitjarstaden på Henjasanden som no står på Sogn Folkemuséum på Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Husa frå strandsitjarstaden på Henjasanden som no står på Sogn Folkemuséum på Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Båtbygging på Henjasanden

På 1800-talet var det også båtbyggeri på Henjasanden. Her vart det bygt ei mengd sognejekter, og på denne tida var det mange strandsitjarar som livnærte seg som båtbyggjarar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.08.2011